Hopp til innhold

Ønskjer ikkje fleire barnevernssaker i kyrkja

Biskop Ingeborg Midttømme er glad for at namsmannen fekk gjort jobben slik at den sju år gamle jenta og mora er ute av kyrkjeasyl i Spjelkavik. Ho ønskjer ikkje fleire liknande saker.

Biskop Ingeborg Midttømme
Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Mørebiskop Ingeborg Middtømme gir honnør for at mora aksepterte at det var best å forlate kyrkja saman med den sju år gamle dottera.

– Eg er glad mora ville samarbeide slik at namsmannen kunne gjer jobben sin, slik at dottera er ført tilbake til faren, seier Midttømme.

Ho refererer til at alle rettsinstansar i Noreg har konkludert med at jenta skulle førast tilbake til faren. Det gjeld både Oslo tingrett, Borgarting lagmannsrett og Høgstere.tt

Fem månader i kyrkja

Kyrkja i Spjelkavika opna dørene då mora i februar bad om hjelp slik at ho kunne unngå å sende barnet frå seg. Barnevernet hadde då henta dei to brørne til sjuåringen på skulen i Ålesund, og ført dei saman med far. Barnefaren er britisk, og bur på Mallorca.

– Det er ei lette at mor har akseptert at når alle rettsinstansar har sett på saka, så var dette til det beste for vegen vidare, seier Ingeborg Midtømme.

Kyrkja har heile tida forsøk å gjere det beste for barnet, legg ho til.

Ønskjer ikkje fleire slike saker

Dette har vore ei heilt uvanleg sak for Den norske kyrkja, stadfester ho.

– Heil uvanleg. Så vidt eg kjenner til er det første gong nokon har søkt tilflukt i ei kyrkja av årsaker som dette, seier ho.

Ingeborg Midttømme
Foto: Frode Berg / NRK

Biskopen i Møre ønskjer ikkje at fleire som slit i barnevernssaker, skal søke tilflukt i kyrkja.

Det er viktig at alle er med og respekterer dei rettskraftige avgjerder som blir teken i samfunnet vår. Vi har ikkje ønskje om å stille opp utover det, seier Midtømme.

Ho legg til at det er inga løysing verken for barn eller foreldre å unndra seg mynde og sjansen for omsorg som barnevernet gir.

– Tvert om vil vi bidra til å skape tillit til dei instansane samfunnet har gitt slikt mynde. Kyrkja er ikkje opphaldsstad for menneske som vil unndra seg det.

Spjelkavik kirke

Mor og barn har dratt frå kyrkja i Spjelkavik etter fem månader i kyrkjeasyl.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Er kyrkjeasyl då berre for flyktningar og dei som er i største naud?

– Kyrkjeasyl er eit omgrep som dekker situasjonen når menneske opplever frykt for livet. Kyrkjeasyl er for dei som ikkje har fått prøvd si sak for alle rettsinstansar. Det hadde denne familien fått. Og det er ein stor forskjell, konkluderer biskop Ingeborg Midttømme.