Hopp til innhold

Omfattande straumbrot

Delar av Ørsta er onsdag ettermiddag utan straum på grunn av ein feil i kraftnettet, melder Mørenett. Abonnentar i området mellom Standal og Festøya fekk igjen straumen klokka 13.32. Eit fasebrot mellom Rjånes og Vartdal og ein teknisk feil mellom Vartdal og Festøy gjer at dei som bur her framleis er utan straum. Mørenett skriv at det kan ta om lag tre timar å rette problemet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL