Hopp til innhold

Nytt gull og pers for Warholm

Karsten Warholm greidde å nullstille seg etter fantomløpet på 400 meter i går og suste inn til ny personleg rekord og nytt NM-gull på 200 meter i dag med tida 20.91.

Karsten Warholm greidde å nullstille seg etter fantomløpet på 400 meter i går og suste inn til ny personleg rekord og nytt NM-gull på 200 meter i dag med tida 20.91.

Nytt gull for Warholm søndag. No på 200 meter

Meir overraskande var det at lagkameraten Ådne Andersen tok gull på 800 meter med 1.55,10. Andersen avgjorde på dei siste 40 metrane inn mot mål. Warholm og Andersen bur saman i Oslo og først då Warholm møtte Andersen i intervjusona etter 200-meteren vart han gjort merksam på at Andersen også hadde tatt gull.

–Dette er nesten større enn min eigen siger, seier Warholm og gler seg stort på vegner av kameraten. Dermed vart det ein ny jubeldag for Dimna IL under NM i friidrett i Ulsteinhallen.

Ådne Andersen frå Dimna IL tok gull på 800 meter i dag etter ein sterk spurt. Hareidsdølen overraska mange med å ta gullet.

Ådne Andersen sprang inn til gull på 800 meter og Karsten Warholm fekk ikkje vite om det før etter han hadde gjort ferdig 200-meteren sin. Han var svært glad på kompisen sine vegner.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL