Nye takstar på nyåret

Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune har vedteke ei generell takstauke for buss og hurtigbåt på tre prosent, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding. I tillegg vil seks ferjesamband bli flytta to takstsoner opp. Dette gjeld sambanda 1) Årvik–Koparnes, 2) Hareid–Sulesund, 3) Volda–Lauvstad, 4) Skjeltene–Lepsøya–Haramsøya, 5) Brattvåg–Dryna–Fjørtofta–Harøya og 6) Sølsnes–Åfarnes. Dei nye prisane skal gjelde frå 1. januar 2018.

Ferje Sulesund-Hareid
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK