Hopp til innhold

Gjerdsvik-reiarlag byggjer båt i nabobygda Gursken

Gjerdsvik-reiarlaget Sanco Shipping handlar lokalt når dei skal auke flåten sin. Dei held seg på Gurskøya, og byggjer ny-skipet ved Kleven-verftet i Gursken i Sande.

Sanco båt

Slik skal den nye båten til Sanco Shipping sjå ut.

Foto: Kleven Maritime

Sanco Shipping blei grunnlagt i 1996, og byrja verksemda med eit fiskerifarty som blei bygd om til seismikk-skip. I dag består flåten av fem skip. Kontrakten som blei inngått i dag er ein del av ein plan om å auke flåten til 7 farty.

Sanco Shipping inngjekk i dag kontrakt med Kleven Maritime om eit nytt seismikkfarty, med opsjon på eitt farty til. Administrerande direktør Ivar Slettevoll i Sanco er oppteken av den korte avstanden mellom verftet og reiarlaget.

– For oss er kvalitet og tryggleik for rett levering heilt sentralt. Det er flott når vi kan finne det hos leverandørar i vår eigen kommune, seier Slettevoll.

Video SAMARBEID SHIPPING

SAMARBEID SHIPPING

Skipet skal leverast i mai 2013, og er designa av Skipsteknisk AS i Ålesund. For Kleven blir dette bygg nummer 355.

Det er gledeleg for Kleven Maritime og myklebust verft at Sanco Shipping vel å kontrahere lokalt. Dette er med på å understreke styrken i den lokale maritime klyngen, seier konsernsjef Ståle Rasmussen i Kleven Maritime.

Kleven Maritime har sidan starten av mai skrive 3 nybyggingskontraktar til ein verdi av 1,2 milliardar kroner. Ordrelista no er på 11 nybygg til ein samla verdi av omtrent 4,2 milliardar kroner.