Styreleiar i Åknes-Tafjord beredskapssenter, Frank Sve, er letta over at det no kan bli aktuelt med statleg overtaking.
Foto: Thomas Rasmus Skaug / SCANPIX– Det har vore ein veldig lang og arbeidskrevjande prosess å få staten til å ta over det som burde ha vore ei statleg oppgåve frå dag éin, seier styreleiar Frank Sve.
- Les også:
Sidan 2003
– Heilt sidan 2003 og fram til i dag, så har alle sett at det er staten som burde hatt ei så stor og alvorleg sak som Åknes, Hegguraksla og Mannen er, legg han til.
Både Åknes, Hegguraksla og Mannen er rekna som ustabile fjellområde med store sprekkar. Åknesremna er truleg den mest kjende, og eit ras der kan skape ei flodbølgje som vil ramme fleire av tettstadene langs Storfjorden.
– Vil beredskapen vere like god når de ikkje lenger har ansvaret?
– Ja, NVE har forplikta seg til å ha det minst like bra som i dag. Eg har tillit til at dei vil bruke ressursar på å gjere det endå betre, seier styreleiaren.
- Les også:
- Les også:
Møter ministeren
Forhandlingane har vore gode og konstruktive og selskapet ser positivt på ei stateleg overtaking, seier dagleg leiar Kjell Jogerud i pressemelding.
Avtalen er avhengig av godkjenning i Olje- og energidepartementet, i selskapet sin representantskap, i kommunestyra til eigarkommunane og i fylkestinget i Møre og Romsdal.
Selskapet skal drøfte saka med olje- og energiminister Tord Lien (Frp) tysdag.
– Eg har stor tru på at vi skal klare å lande avtalen denne gongen, avsluttar Sve.
Tsunamien som kan gi noregshistorias største evakuering i fredstid:
Dersom det ustabile fjellområdet Åkneset i Møre og Romsdal rasar ut, kan dette forårsake ei flodbølgje som vil råke fleire tettstader langs Storfjorden, blant anna Hellesylt og Geiranger. (Reportasje frå 2012).