Hopp til innhold

Nominerte til Spellemannprisen

Også i år er mange artistar frå Møre og Romsdal nominerte til Spellemannprisen - i seks ulike kategoriar. Gruppa 120 Days er nominerte i to kategoriar.

120 Days
Foto: Kim Hiortøy

"Spellemann 2006" går av stabelen i Chateau Neuf i Oslo laurdag 27. januar. Og det blir mange spente foreldre, slekt og venner i Møre og Romsdal som følgjer med i prisutdelinga.  

120 Days

I desember valde 65 norske musikkjournalistar debutalbumet "120 Days" til årets beste album i konkurranse med plater frå heile verda. Gruppa er nominert både i kategorien rock og som Årets nykommar.

Jonas Hestvik Dahl frå Smøla, Ådne Meisfjord og Arne Kvalvik frå Frei og Ketil Ovesen frå Kristiansund var på seinhausten på USA-turné. Dei har kontrakt med det amerikanske plateselskapet VICE.

Woodleg Odd

Bluesgruppa frå Sykkylven har hatt eit travelt år, med plateutgjeving og mange konsertar. I mai var Knut Eilefsen, Frank Utgård, Arne Moe og Odd "Woodleg" Lie på USA-turné. Den nominerte plata heiter "Foot Fetish".

Jorun Marie Kvernberg

Musikaren frå Fræna er spelemann-nominert for to plateutgjevingar ho er med på som gruppemedlem. Trioen Tindra er nominert i kategorien folkemusikk/gammaldans for plata "Lukkeleg vaking" og gruppa Majorstuen i same kategori for "Juledrøm".

Håvard Wiik

frå Frei er ein av våre fremste jazzpianistar. Saman med tenorsaksofonisten Håkon Kornstad har han spelt inn den spelemannsnominerte plata "The Bad and the Beautiful".

PK og Dansefolket

har medlemmer frå Stranda, Bud, Fræna og Averøy (PK Støbakk, Erik Torset, Simon Skotheimsvik, Geir Åsheim og Kjell Åsheim). Det driftige og populære bandet har gitt ut fire plater på fire år, plata som er nominert til Spellemannprisen er "Heng deg på".