Hopp til innhold

Nominert til høgthengande journalistpris

Bernt Jakob Oksnes frå Valderøya i Giske kan vinne den mest gjeve journalistprisen i heile Europa. – Eg er litt skjelven og rørt, seier Oksnes.

Bernt Jakob Oksnes

Bernt Jakob Oksnes har vunne mange prisar før, men no er han nominert til den gjevaste prisen av alle, European Press Prize.

Foto: Bjørn Langsem / Dagbladet

Det er historia om det nyfødde barnet som vart funne i ein plastpose på ein kyrkjegard i Oslo i 1991, som gjer at Bernt Jakob Oksnes kan vinne European Press Prize. Oksnes jobbar i Dagbladet og er kjend for sine grundige reportasjar og unike fortellarstil.

Den digitale historia om Gutten i plastposen brukte Oksnes over to år på å lage. Serien er i ni delar og har fått stor merksemd. No er den oversett til engelsk og blir lest av folk i heile verda.

Oksnes set pris på å bli nominert til ein så høgthengande pris.

– Eg er litt skjelven og rørt og umåteleg glad. Å bli honorert med ein slik nominasjon er deileg, seier Oksnes.

Omfattande jobb

Journalisten seier at det ligg mykje hard jobbing bak serien og at det har kosta både tid og krefter. Ikkje berre har kartleggingsjobben vore omfattande. Det ligg også mykje arbeid i å fortelje historia på ein måte som gjer at folk blir rørt.

– For meg har det vore luksus å få halde på i to år. All ære til Dagbladet som let meg gjere det. Det har vore ei tillitserklæring, seier Oksnes. Når han ser den store responsen og interessa for serien rundt om i verda, tenker han at det er verdt det.

Suge på karamellen

Kåringa skjer under ein galla i Amsterdam 20. april.

– Fram til det får eg suge på denne karamellen, seier Oksnes. Han er nominert i i kategorien The Innovation Award 2017

Stavanger Aftenblad er nominert i kategorien The Distinguished Writing Award 2017 med si sak om Glassjenta.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL