Hopp til innhold

Nobel-paret går frå kvarandre

Ekteparet May-Britt og Edvard Moser har bestemt seg for å gå kvar til sitt, men kjem til å halde fram samarbeidet om hjerneforsking.

John O'Keefe, May-Britt Moser og Edvard Moser

Forskarparet frå Sunnmøre fekk Nobelprisen i medisin i 2014 for den oppsiktsvekkjande hjerneforskinga dei har drive. Prisen delte dei med John O'Keefe.

Foto: Skjermdump fra SVT

Det er Adresseavisen som no i kveld skriv at ekteparet skil lag.

Til avisa seier paret frå Sunnmøre, som vann Nobelprisen i medisin i 2014, at skilsmissa ikkje får konsekvensar for arbeidet deira ved Norsk hjernesenter ved NTNU i Trondheim.

– Dette er ikkje noko vi har lyst å dele med folk, men vi veit at rykta går. Difor er det viktig å seie tydleg frå til alle om at dette ikkje vil få negative følgjer for senteret, seier May-Britt Moser til avisa.

May-Britt Moser

May-Britt Moser seier til Adresseavisen at skilsmissa mellom henne og ektemannen Edvard ikkje vil gi negative følgjer for forskinga dei driv.

Foto: NRK

Ho seier vidare at isolert sett er dette ei privatsak, men at paret ønskjer å roe alle som kjenner uro for instituttet og forskinga. Difor går dei no ut og stadfester at dei skil lag.

Det vekte stor oppsikt då dei to fekk Nobelprisen i medisin for vel to år sidan.

Professorparet som kjem frå Hareid og Herøy, har vore gifte like sidan dei studerte i lag. Dei har forska i lag, og saman bygd opp eit stort og suksessrikt miljø rundt hjerneforsking i Trondheim. Dei har to døtrer saman.