Hopp til innhold

No får elbileigarane parkeringsbot

Rundt 20 norske byar har innført parkeringsavgift for elbilar frå nyttår. I dag vart dei første bøtene skrivne ut i Ålesund.

Rose Holmeset sjekkar parkeringsavgift

Trafikkbetjent Rose Holmeset sjekkar om bilane i Ålesund har betalt parkeringsavgift.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

På den kommunale parkeringsplassen på Utstillingsplassen i Ålesund har det vore gratis parkering for elbilar i alle år, men politikarane vedtok at også elbileigarane skal betale frå 1. januar. Dei nye reglane er nasjonale, men det er valfritt om kommunane vil innføre betalingsfritak for elbilar og hydrogendrivne bilar på kommunale avgiftsbelagde parkeringsplassar. Molde, Kristiansund og ca 20 andre byar i landet har innført betaling.

Rose Holmeset er trafikkbetjent i Ålesund Parkering. Ho har allereie skrive ut dei første parkeringsgebyra.

– Mange veit om at dei må betale, men mange har ikkje fått det med seg, seier Holmeset. På eit snødekt bilvindauge ligg det ein gul lapp. Gebyret lyd på 600 kroner.

Roar Salen i Ålesund Parkering

Roar Salen i Ålesund Parkering seier dei har informert elbileigarane godt i forkant.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Vil unngå kritikk

Dagleg leiar i Ålesund Parkering, Roar Salen, seier at dei var godt budde den aller første dagen med avgift på elbilar. Dei hadde folk ute på fleire av parkeringsplassane frå morgonen av.

– Vi var der vi veit at det brukar å stå mange elbilar for å vere i forkant og sleppe å få kritikk for å jakte på dei som ikkje forstår regelverket. Vi har prøvd å informere i forkant, seier Salen.

Ved parkeringsautomaten står det ingenting om at også elbileigarar må betale. Salen meiner likevel at informasjonen er god nok, sidan det vart skrive mykje om saka i media då vedtaket vart gjort. Han meiner at det i staden bør vere skilta i dei byane det er gratis parkering for elbilar.

– Eg er redd for at det blir ein del bøter, men eg håper vi slepp det. Vi ynskjer det ikkje, seier Salen.

Gratis utanfor sentrum

I Kristiansund har dei kome elbileigarane litt i møte og har gratis parkering på ein av parkeringsplassane, som ligg fem minutt spasertur frå sentrum.

– Då har dei i alle fall eit tilbod der, seier Knut Olav Hjelen, som er sjef for parkeringsselskapet i Kristiansund.

Petter Haugneland, kommunikasjonsleder, Norsk elbilforening

Petter Haugneland synest det er synd at det har blitt innført parkeringsavgift på elbilar mange stader.

Foto: Aksel Jermstad / Norsk elbilforening

LES OGSÅ:

Må ha gulrøter

Norsk elbilforeining er ikkje glad for at over 20 kommunar har innført avgift. Kommunikasjonsleiar Petter Haugneland seier det er synd sidan fleire byar har ambisiøse målsetjingar som gjeld klima og miljø. Når ein fjernar elbilfordelane er det færre som vel å kjøpe utsleppsfrie bilar.

– Folk bytter ikkje ut bilane sine utan å få nokre gulrøter. Jo fleire ein fjernar, dess færre folk tar steget og går over til nullutsleppsbil, seier Haugneland.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL