Hopp til innhold

Ni år for "Blink-mannen"

Ein 27-åring frå Ålesund er i Sunnmøre tingrett dømd til ni år i fengsel for valdtekter og overgrep mot tretten unge jenter.

Mannen møtte jentene på snakkesider på Internett, og saka har vore omtalt som den verste overgrepssaka i norsk rettshistorie.

27-åringen er også dømd til å betale mellom 100.000 og 135.000 kroner i erstatning til jentene.

Dommen er i tråd med påstanden frå aktor.

Tok tenkjetid

Den dømde 27-åringen synest dommen er i strengaste laget, seier advokaten hans, Sverre Aarsæther. Difor valde han å ta tekjetid då dommen var opplest.

– Vi vi dei neste 14 dagane vurdere kva vi skal gjere vidare, seier Aarsæther.

Omfattande sak

Ålesundaren var tiltalt for valdtekt, seksuell omgang med jenter under 16 år og truslar. Fornærma i saka er 16 jenter i alderen 16 - 22 år og to gutar på 17 og 18 år.

Dei unge jentene kom han i kontakt med ved å opptre på snakkesider på nettet som fleire ulike personar. Våren 2005 la han ut kontaktannonsar på nettsidene "deiligst.no", "penis.no" og Dagbladets snakkeside "Blink".

Falske identitetar

I annonsane etterlyste han personar som ville vere med og spele inn ein film. Responsen var overveldande; ålesundaren fekk, som han sa i forklaringa si: "mange, mange, mange hundre svar".

Svara blei sende til ei e-postadresse han hadde oppretta, slik at jentene trudde dei kommuniserte med ei kvinne.

Angrar

Ved slutten av hovudforhandlinga i saka bad 27-åringen om orsaking for det han hadde gjort.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL