Hopp til innhold

– Kommunestrukturen er ein bremsekloss

Regionsdirektør Torill Ytreberg håpar regjeringa legg opp til omfattande endringar i planane om det framtidige Kommune-Noreg.

Torill Ytreberg

Regionsdirektør i NHO, Torill Ytreberg håper regjeringa brukar gulrot heller enn pisk når prosessen med kommunesamanslåing skal setjast i gong.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Det er mange som er spente på kva Jan Tore Sanner vil legge fram onsdag. Då får ein vite kva regjeringa vil med det nye kommunekartet som skal teiknast. Spørsmålet er kor omfattande forandringar det blir.

I Møre og Romsdal er det 36 kommunar i dag. Det bør bli langt færre, meiner regiondirektøren i NHO, Torill Ytreberg.

– Når vi har 36 ordførarar og kommunale administrasjonar, så seier det seg sjølv at dette lett kan bli bremseklossar, seier ho.

Vil lokke kommunane

Men i staden for tvang meiner regionsdirektøren det er betre å lokke kommunane til å slå seg saman. Ytreberg håpar derfor at regjeringa bidrar med draghjelp til dei som sit på gjerdet.

– Det kan dreie seg om økonomiske kompensasjonar eller bypakkar og løysingar for infrastruktur, foreslår ho.

– Er det realistisk med fem kommunar i Møre og Romsdal?

– På sikt så trur eg det er realistisk. Om ein får til denne første delen av prosessen er heller tvilsamt, men det heilt klart ein ambisjon.

Ber byane ta førarsetet

Men kven skal gifte seg med kven i det framtidige Kommune-Noreg? Og ønskjer kommunane rundt byene i Møre og Romsdal å bli ein del av ein framtidig bykommune eller vil dei velje andre løysingar? Sterke byregionar blir viktig for Møre og Romsdal i framtida, meiner NHO-direktøren.

– Dei tre største byane i fylket må vere dei viktigaste pådrivarane for den prosessen som skal gå i gang no. Det må vere byordførarane som set seg i førarsetet og inviterer omkringliggjande kommunar med seg, seier Ytreberg.