Ein heilt vanleg ettermiddag i september. Sommarferien er over, ungane har reist til sine studium, og i huset er det endeleg stille så du kan setje i gang med eitt av prosjekta for hausten.
Og medan du står der med munnen full av spikar, tikkar det inn ein sms:
«Hei mamma, jeg har fått ny mobil.»
For Irene Knardal skulle det vise seg å bli ei dyr tekstmelding.
Det streifa ikkje Irene Knardal at meldingane ikkje var frå sonen.
Foto: Roar Jonny Strøm / NRKMidt i stresset
– Ting stod litt på hovudet her fordi vi heldt på å innreie eit nytt rom i huset, forklarar Knardal som bur i Bud utanfor Molde.
«Fikk nytt nummer, Lagre!♥» stod det i den neste meldinga.
Så langt, så bra. Knardal spurte kven av barna det var, og lagra nummeret. Men så tok samtalen ei ny retning.
Du kan lese heile samtalen nedst i saka.
«Sonen» forklarte at han stod i ein butikk og skulle betale for ein ny laptop han hadde bestilt. Men, på grunn av ny telefon fungerte ikkje Bank-ID og han fekk ikkje til å verifisere betalinga.
Så, om mora kunne vere snill og legge ut for ein Macbook Pro til 23.423 kroner?
Har du blitt svindla?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Spørsmål om pengar
– Det var vel der eg gjorde den store feilen. Det streifa meg ikkje at det kunne vere eit svindelforsøk, seier Knardal.
Ho seier språket i samtalen var personleg og naturleg for ein ungdom på 23, og familien har budd lenge i utlandet så det hender at ungane rotar litt med preposisjonane.
– Alle studerer utanbys og har pengar etter sommarjobb, så at dei kjøpte ny mobil eller datamaskin før studiestart slo meg ikkje som påfallande.
Dessutan var mobilnummeret norsk, butikken var norsk, banken var norsk, og fakturaen hadde Kid-nummer og referansar og det heile.
Irene Knardal fortel om svindelen fordi ho vil hindre at andre blir lurt.
Foto: Roar Jonny Strøm / NRKStressande situasjon
Men då Knardal hadde betalt fakturaen kom det nye problem: Transaksjonen gjekk ikkje gjennom. Det var feil sum. Ting hasta. Butikken hadde ikkje registrert kjøpet. Dei kravde betaling i dag. I det minste delbetaling eller forskot.
Situasjonen vart meir og meir stressande.
Mistanken kom fyrst då Knardal oppdaga at kontoen hennar var blitt sperra, men då var ho allereie nesten 30.000 kroner fattigare.
– Då ringde eg sonen min på det gamle telefonnummeret. Han var totalt uvitande og hadde sjølvsagt ikkje kjøpt verken mobil eller Mac, fortel Knardal.
– Mange synest sikkert det er flaut å bli svindla, men når metodane er så overbevisande kan det skje kven som helst. Eg kan godt stå fram som offer viss det kan hindre andre i å bli lurt.
– Var det ingen ting som fekk deg til å mistenke lureri tidlegare?
– Nei, og veit ikkje heilt kvifor. Kvardagen skjedde, og antennene var ikkje heilt ute. Vi dreiv med oppussing, var rundt omkring og handla, og vi skulle til Stavanger for å rydde eit dødsbo, fortel Knardal.
– No er eg kanskje betre førebudd til å avverge noko endå større i framtida.
Anne Glede Allum i Økokrim seier det er viktig å melde frå viss du har blitt svindla.
Foto: Lise Åserud / NTBNo blir alle svindla
I Økokrim har dei lenge sett med uro på utviklinga. I fjor fekk dei 26.000 meldingar om bedrageri mot privatpersonar, ein auke på nær 40 prosent på to år.
– Det er ein kraftig auke i bedrageriforsøk mot både næringsliv og privatpersonar, som investeringsbedrageri, kjærleikssvindel, falske nettbutikkar og så vidare, seier Anne Glede Allum i Økokrim.
– Før ramma nettsvindel gjerne eldre og personar med låg digital kompetanse. No er det nesten umogleg å sjå forskjellen på ekte og falske meldingar eller nettsider.
Sjølv om det kan vere flautt å bli narra, seier Allum det er viktig å melde frå.
– Om banken får melding klarer dei ofte å forhindre at svindlarane flyttar pengane vidare. Men då er det viktig å vere tidleg på ballen, seier Allum.
Ser kraftig auke i svindel
– Dette er ein klassisk «Hei mamma»-svindel. Dette spora av tidleg – allereie då ho avslørte namn på borna, forklarar Sebastian ClaydonTakle, sikkerhetsekspert i DNB.
Sidan mars har DNB registrert 285 tilfelle av bedrageri mot privatkundar, men mørketala er store.
– Mange synest nok det er flautt å bli lurt, men nettsvindelen er blitt så omfattande og overbevisande at det er nesten umogeleg å ikkje la seg lure.