Nettbanken skal vere trygg
Blant anna flyselskap, sosiale medier og bankar kan ha vore ramma av ein gigantisk svikt i tryggleiken dei siste to åra. Informasjonssjef i Sparebanken Møre, Kjetil Hauge, ser ingen teikn som tyder på at hans kundar skal ha grunn til bekymring. – Våre nettsider skal vere trygge, seier informasjonssjefen.