Hopp til innhold

Nesvik til Sør-Korea

Fiskeriminister Harald T. Nesvik reiser til Sør-Korea frå 14. til 17. oktober, for å fremje norsk sjømat på ein stadig viktigare marknad. Sør-Korea har i løpet av dei siste åra utvikla seg til å bli ein viktig eksportmarknad for norsk sjømat. I 2018 eksporterte Noreg sjømat til Sør-Korea for 2,7 milliardar kroner, ein vekst på 15 prosent frå 2017.

Harald T. Nesvik
Foto: Nærings- og fiskeridepartementet