Hopp til innhold

Nektar å vaksinere pasientane

Legar nektar å vaksinere pasientane sine på grunn av usemje med helseministeren om prisen.

Video nsps_upload_2009_10_7_20_16_22_3463.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Legane truar med å returnere sprøytene.

Helseministeren har bestemt at både vanleg influensavaksine og svineinfluensavaksine skal koste 50 kroner kvar. Legane hevdar det påfører dei tap, og truar med å returnere sprøytene.

Legane vil ha meir pengar

I forrige veke mottok legane rundt om i landet den årlege influensavaksina. Dei fleste hadde planlagd å byrje vaksineringa av pasientar som vil unngå influensa allereie denne veka, men no er det stopp.

Ingeborg Grimsmo, leiar i Allmennlegeutvalet i Molde seier at legane vil ha mykje

Ingeborg Grimsmo i Allmennlegeutvalet i Molde

Ingeborg Grimsmo i Allmennlegeutvalet i Molde

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

meir for å vaksinere pasientane sine.


- Forrige veke kom det plutseleg eit pålegg frå departementet om at vaksineringa skulle koste 50 kroner for alle uansett. Særleg private legekontor brukar å ta mykje meir og meinar dei må ha mykje meir for å dekkje kostnadane sine. Difor har heile kommunen venta til neste veke, i første omgang, for å sjå om det vert noko semje om prisen.

- Situasjonen må verte avklart

Den samme prislappen på 50 kroner har helseministeren sett på vaksina som skal berge utsatte pasientar frå svineinfluensaen. Difor står også den i fare for å verte enno mer forseinka enn den allereie er. Eller, det kan verte snakk om å sette begge desse vaskinene på same tid.

Per Rogne, kommuneoverlege i Molde kommune

Per Rogne, kommuneoverlege i Molde kommune

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Dersom legane og helsedepartementet ikkje kjem til ei løysing på vaksineprisen, må kommunane overta ansvaret for at pasientene får riktig vaksinering. Per Rogne, kommuneoverlege i Molde kommune, meiner situasjonen bør verte avklart snarast mogleg.

- Det er ein situasjon som ein rett og slett ikkje kan leve med. Den må verte avklart. Til lenger dette rullar og går, til verre vert det for pasientane, som sjølvsagt vert oppgitt.

-Alle skal få

Statssekretær Dagfinn Sundsbø i Helse- og omsorgsdepartementet seier det er kommunane sitt ansvar å gjennomføre vaksinasjonar. Han seier det no er kommunane som må ordne opp med legane slik at alle som vil ha vaksine, får det. (Sjå video under)

Video nsps_upload_2009_10_8_14_39_20_3509.JPG
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Dagfinn Sundsbø lovar vaksine til alle.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL