Hopp til innhold

Nektar å utvide bompengetida

Krifastkommunane vil ikkje la bilistane betale 30 millionar ekstra i bompengar, og ber Vegvesenet ta rekninga.

Køyrer igjennom uten å betale.
Foto: Roar Halten / NRK

Fjerninga av bommen på Krifast vert plutseleg fire gongar så dyrt, fordi vegvesenet ønskjer ny rundkøyring, kvileplass og kontrollstad der bommen stod.

- Dette er det Vegvesenet sjølve som må betale, og så kan vi betale for å få fjerna bommen, meiner ordførar i Tingvoll, Ole Morten Sørvik.

- Bør ikkje gå utover brukarane

Krifast, som er Kristiansund og Frei sitt fastlandssamband, skulle ha vore nedbetalt for fleire år sidan. No har fjerninga av bommen vorte utsett i ni nye månader. Statens Vegvesen sine planar om ei stor rundkøyring, rasteplass og ein eigen kontrollstasjon, har auka kostnadane med å fjerne bommen frå 10 til 40 millionar kroner.

- Denne rekninga bør ikkje gå utover brukarane, seier Sørvik.

- Ein må halde seg innanfor dei rammene som er lagt, på 10 millionar kroner. Utover det får vegvesenet finne pengane.

Seksjonssjef i Statens Vegvesen region, Leif Magne Lillebakk, meiner vegvesenet ikkje kan ta rekninga fordi kostnadsauken ikkje går over det som vart vedteke i Stortinget.

- Det har ikkje vore noko overskridingar i investeringskostnadane i forhold til det som vart lagt fram i stortingsforslaget, og det er den som legg til grunn korleis fordelinga mellom bompengar og statlege middel skal vere.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL