Hopp til innhold

Eksamenstida (og ikkje minst stresset) er her – kan gratis taco vere løysinga?

Hundretusenvis av studentar skal snart opp til eksamen. Ein høgskule vil hjelpe studentane å bestå – ved hjelp av gratis mat.

Erling Frøland og Daniel André Vetlesen sit på biblioteket på Høgskulen i Volda og les til eksamen.

Erling Frøland og Daniel André Vetlesen brukar ein del timar på biblioteket på høgskulen i innspurten til eksamen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

For mange studentar er eksamen ein kjempeviktig dag, og dei kjem att år etter år.

Førre semester, våren 2023, var det over 32.000 som strauk på eksamen på høgskular og universitet i Noreg. Trass i at det berre er ein brøkdel som feilar, er det noko som opptek mange.

– Det byggjer seg jo opp litt nervar, seier andreårsstudent Daniel André Vetlesen.

Det skal mange dagar på biblioteket til for å førebu seg til ein seks timar lang skriftleg eksamen.

– Eg føler jo at eg må lære meg alt, då. Om eg er litt usikker på ting, so vert eg stressa over om eg kan dette godt nok til eksamen.

Men midt i innspurten til denne viktige dagen, er det bordtennis som står på agendaen på Høgskulen i Volda.

Oscar Lunde og Erling Frøland spelar bordtennis i gangane på Høgskulen i Volda under eksamenslesinga.

Oscar Lunde og Erling Frøland brukar bordtennisen som pause frå eksamenslesinga, og det er liten tvil om kven som er best. – No har eg no gjeve desse gutane juling dei siste dagane, so eg håpar dei kan byggje opp att sjølvtillita si med lesing, seier Lunde.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Stadig færre stryk på eksamen

Under pandemien, som førte til mange heimeeksamenar, meir enn tredobla talet på fuskesaker hjå studentar seg. Samstundes var det færre som strauk, og fleire som fekk toppkarakter.

Etter annleisåra 2020–2021, har delen studentar som stryk på eksamen gått ned.

Eksamensfusk i gruppechat

Eksamensfusk mer enn tredoblet under pandemien – samtidig har det aldri vært færre som stryker

Gratis lunsj, bordtennis og VR-kurs

Høgskulen i Volda vil tvinge studentane til å ta pausar i lesinga. I innspurten arrangerer dei eksamensboost.

På programmet står gratis mat til frukost og lunsj, yoga, VR-kurs i munnlege presentasjonar og meditasjon.

Andreårsstudent Oscar Lunde, meiner slikt verkeleg er til hjelp i eksamenslesinga.

– Særleg i går, då vi hadde gratis taco i kantina. Det er veldig deilig å få det avbrekket saman med dei andre, det er eit herleg tiltak.

Han trur at so enkle tiltak som gratis mat på gitte tidspunkt kan hjelpe studentane legge opp til lesing.

– Når ein har dei haldepunkta, so har ein litt tider å forhalde seg til. Eg føler at dagane vert enkle å leggje opp då, når eg har faste avbrekk, seier Lunde.

Les også Betina (20) strøk på eksamen – sjekk psykologens beste tips

Betina Claesson - riktig versjon

Elin Gundersen, som er rådgjevar på høgskulebiblioteket og er med i velferdsgruppa ved skulen, har i dagevis delt ut mat til eksamenstynga studentar.

– Det er jo lett å gløyme, når ein er stressa, å ta dei gode pausane, få i seg næring og få god søvn. So det vil vi hjelpe til med, slik at vi tek vare på studentane våre, seier Gundersen.

Studentar sit og les til eksamen på biblioteket på Høgskulen i Volda.

Studentar på høgskulen i Volda sit lenge på biblioteket og puggar.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK
"Lykke til på eksamen" er hengt opp i fargerike bokstavar på ein vegg på biblioteket på Høgskulen i Volda.

Men høgskulen vil også at dei tek pausar frå lesinga – nettopp for å gjere det bra på eksamen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Tre tips frå studieeksperten:

Vivian Kjelland har skrive bok om studieteknikkar og har gode råd til studentane som no skal ha eksamen.

– Det er mykje betre å bytte ut pugginga med studieteknikkar som hjelper deg å lagre informasjonen i langtidsminnet, seier ho.

Skaff deg ei oversikt over pensumet

Mange lærebøker har ei oppsummering av hovudpunkta på slutten av kvart kapittel. Les disse. Om du har tilgang til powerpoint-bilde frå forelesingane, vil desse truleg fokusere på dei viktigaste delane av pensum. Du kan også sjå på tidlegare eksamensoppgåver. Undersøk om det finst dokumentarfilmar eller podkastar om temaet.

Test deg sjølv

Løys tidlegare eksamensoppgåver, eller test deg sjølv ved å skrive alt du hugsar om kvart tema i pensumet – utan å sjå i læreboka. Du kan også sjå for deg at du skal halde ein presentasjon om kvart tema, og tenkje gjennom korleis du ville forklart fagstoffet.

Om du er på etterskot med lesinga

Slutt å plage deg sjølv med dårleg samvit for alt du ikkje har gjort. Finn ein god arbeidsstad, set mobilen i flymodus, og hopp i det. Tida fram mot eksamen vil gå fort, men du kan klare utruleg mykje på kort tid om du går inn for det. Og du vil takke deg sjølv for innsatsen når eksamensdagen er vel overstått!