Hopp til innhold

Alvorleg skadd i møteulykke

Ein ungdom er alvorleg skadd i ei trafikkulykke på Averøya. Personen er sendt til sjukehus i luftambulanse.

Ulykke mellom ein lettmotorsykkel og ein bil på Hendveien i Averøy kommune

Naudetatane fekk melding om ulykka like etter klokka 17.

Foto: tipsar

Ein lettmotorsykkel og ein personbil kolliderte på Hendveien i Averøy onsdag ettermiddag i ei møteulykke.

Føraren av lettmotorsykkelen skal ha massive skader i foten.

– Han er alvorleg skadd, men det skal ikkje vere livstrugande, seier operasjonsleiar Per Åge Ferstad ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Den skadde ungdommen blei sendt med luftambulanse til St. Olavs hospital i Trondheim. Føraren av personbilen er uskadd. No tek politiet avhøyr på staden og kartlegg om det er vitne til hendinga.

Kriminalteknikarar frå politiet og ulykkesgruppa til Statens vegvesen er på veg til staden. Vegen er stengt, men det er omkøyring via Flatsetveien/Bådalsveien