NRK Meny
Normal

Mor sikta for ruskøyring med barn i bilen

Ei kvinne i 30-åra vart stoppa av politiet i Ålesund, mistenkt for køyring i påverka tilstand. I bilen sat to små barn.

Politiet fekk tips om vingling i vegbanen i 14.30-tida. 20 minutt seinare vart kvinna stoppa av politiet på Ellingsøya i Ålesund. Ho hadde to små barn i bilen.

– Kvinna framstod som påverka og ho vart tatt med for blodprøvetaking, seier operasjonsleiar John Bratland ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Kvinna er sikta for ruskøyring og førarkortet er beslaglagt.

– Det er klart dette er alvorleg. Det er sjølvsagt skjerpande at det er barn i bilen, seier Bratland. Barnevernet er kopla inn i saka.