NRK Meny
Normal

Molde tapte mot Viking

Molde tapte Tippeliga-kampen mot Viking. Resultatet blei 2-1 til Viking.

Viking - Molde

Aksel Berget Skjølsvik sender Molde opp i leiinga.

Foto: Hansen, Alf Ove / SCANPIX

Henta frå NRK si live-dekning:

Mål: Martin Fillo (Viking).
Setter ballen lavt nede i det lengste hjørnet bak Moldes keeper! Iskald avslutning. Nydelig gjennomspill bak forsvaret til Molde

Mål: Birkir Bjarnason (Viking).
Bertelsen kommer rundt på venstrekanten, og legger en 45 graders ut mot Birkir Bjarnason. Islendingen står helt umarkert og setter den knallhardt i nettmaskene!

Mål: Aksel Berget Skjølsvik (Molde).
Skjølsvik får et innlegg - Thomas Myhre går ned for å plukke ballen, men klarer ikke holde den. Dermed sitter ledermålet for gjestene! Uheldig inngripen for Myhre.

Bytte: Magne Hoseth for Jose Mota (Molde).
Magne Hoseth kommer inn for Jose Mota.

Pape Pate Diouf og Børre Steenslid

Moldes Pape Pate Diouf i duell med Vikings Børre Steenslid.

Foto: Hansen, Alf Ove / SCANPIX

Før kampen gjorde vi dette intervjuet med trenar Kjell Jonevret.

Følgjer Rosenborg

Molde følgjer Rosenborg som ein skugge i toppen av Tippeligaen. Rosenborg vann i helga. Heng Molde med i toppen ?

Føler ikkje press

Trenar Kjell Jonevret nektar for at han føler noko press frå Rosenborg, sjølv om laget frå Trøndelag vann i helga.

- Nei. Dette presse frå Rosenborg det er det nok berre media som føler. Vi er utruleg glade og takksame for at vi ligg der vi ligg. Det er klart at vi vil vinne kvar einaste kamp. Men vi søv ikkje dårleg fordi om Rosenborg vinn kampane sine, seier Jonevret.

Viking slo Molde i vår

Viking er eit av få lag som har slått Molde til no i år. I dag har Molde planar om revansj.

Følg Viking - Molde minutt for minutt

Følg kampen i Nettradio.

- Viking er flinke til å til å nekte oss rom. Dei spelar veldig kompakt når dei har møtt oss i Molde. Det blir ein litt annan kamp når dei spelar på heimebane. Viking går nok meir i angrep i dag. Det kan bli ein artig kamp. Vi får sjå. Vi har kjendt oss veldig bra i det siste. Forma har vi inne, seier Jonevret til NRK Møre og Romsdal.

Fantastiske kampar

Molde har spelt nokre fantastiske kampar i det siste. I kvartfinalen i cupen slo Molde Rosenborg 5-0. Jonevret er ikkje redd for at spelarane har mista bakkekontakten.

- Nei, det er eg ikkje redd for. Dei har gjort mange gode kampar, så då kunne dei ha mista bakkekontakten for veldig lenge sidan, i så fall. Dei har kome fort ned på jorda igjen, kvar gong, seier Jonevret. Vi veit at vi er gode fordi vi har eit hardarbeidande kollektivt forsvarsspel først og fremst. Det er det som har gitt oss høve til det angrepsspelet vi har fått briljere med, seier han.

Skadar

Magnhe Hoseth er med til Stavanger, og det ser ikkje ut til at skade skal setje stoppar for han. Makhtar Thioune er litt meir usikker, i og med at han har vore forkjølt nokre dagar.

- Både Makhtar og Magne har vore blant dei beste midtbanespelarane i Tippeligaen i år. Men vi får berre spele litt annleis om vi ikkje får dei speleklare, seier Jonevret.

Lagoppstilling Molde:

1 Knut D. Lillebakk
3 Marcus Andreasson
14 Christian Steen
24 Vegard Forren
23 Knut Olav Rindarøy
9 Mattias Moström
15 Aksel Berget Skjølsvik
6 Daniel Berg Hestad
32 Mame Biram Diouf
19 Jose Mota
42 Pape Paté Diouf

Lagoppstilling Viking

1 Thomas Myhre
6 Håkon Skogseid
3 Børre Steenslid
Indridi Sigurdsson
2 Trond Erik Bertelsen
7 Tomasz Sokolowski
14 André Danielsen
8 Vidar Nisja
21 Birkir Bjarnason
16 Martin Fillo
9 Peter Ijeh