Hopp til innhold

Molde-familie rører regjeringa

Regjeringa vil endre regelverket, slik at pårørande får rett på omsorgsløn når dei steller sine sjuke heime. Dette skjer etter at familien Solbjør i Molde sto fram med historia si på NRK i vår.

Lill-Marit og Knut Arne Solbjør
Foto: Roar Strøm / NRK

For ektemannen til dødssjuke Lill-Marit Solbjør i Molde hadde store problem med å få sjukmelding då ho låg på det siste. Historia blei fortalt på NRK i vår, og gjorde sterkt inntrykk på mange. No stadfestar statsråd Bjarne Håkon Hanssen at han vil endre regelverket, slik at folk i liknande situasjonar kan få omsorgsløn:

- Vi jobbar med saka og ser på ulike forslag. På nyåret vil eg sende forslaga ut på høyring. Målet er å endre regelverket allereie neste år, seier han.

 

Knut Arne Solbjør.
Foto: Roar Strøm / NRK

Falsk sjukmelding

Knut Are Solbjør måtte fleire gongar gå til legen og få sjukmelding for depresjon, for å kunne vere heime. Solbjør seier diagnosen var rein løgn. For i dag fins det ingen reglar som gir rett til å vere heime med løn når nokon i den næraste familien blir råka av alvorleg sjukdom. Solbjør er godt fornøgd med at regelverket no blir endra:

- Eg er veldig glad for min eigen del, og ikkje minst for dei som kjem etter oss. Kona mi sa at dersom det blei ei regelendring så ville det iallefall kome noko godt ut av kreftsjukdomen, seier Solbjør.

- Kva trur du ho ville sagt om ho visste at reglane blei endra?

- "Jippi, det her går vegen", seier Solbjør.

Storm av telefonar

Familien sto fram på NRK i april i år og fortalte historia si. Det førte til ein storm av telefonar og tekstmeldingar frå kjende og ukjende. Arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen lovde umiddelbart å ta tak i problemet. No blir reglane endra.  

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL