Hopp til innhold

Misnøgd med opplæringa

Misjonsambandet og Indremisjonen i fylket startar eiga konfirmantundervisning.

Konfirmanter
Foto: Berit Keilen / Scanpix

Kåre Johan Lid

Kåre Johan Lid, krinssekretær i Misjonssambandet.

- Opplæringa i skulen gjev ikkje så mykje kristendomsundervisning som før og i tillegg skal konfirmantundervisninga i kyrkja famne alle. Ein del kristne foreldre tykkjer dei får for lite grundig undervisning, seier Kåre Johan Lid, krinssekretær i Misjonssambandet.

Vil undervise sine eigne

Misjonsorganisasjonane er svært misnøgde med utviklinga både i skulen og i kyrkja, og vil difor undervise sine eigne konfirmantar. Krinssekretæren fortel at fleire foreldre har spurt etter eit nytt tilbod.

Viktige tema

På timeplanen til konfirmantane står tema som kristen livsstil, rus, sex og ekteskap, abort og dødshjelp. Dette er sentrale tema i det kristne livet og misjonsorganisasjonane vil sjølv undervise ungdommane i desse. Frå før har mellom anna Haugesund og Stavanger krins av Misjonssambandet starta liknande konfirmantundervisning.

Ikkje meint som kritikk

- Me ønsker å gje noko til trua for dei som spør etter det, seier Lid. Han påpeikar at konfirmantane kan framleis følge den tradisjonelle undervisninga i kyrkja og at tilbodet ikkje er meint som ei diskreditering til opplæringa der. 

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL