– Det må kome ei endring. Når vi ser på den massive kritikken som kom etter 22. juli, og det massive ropet som kom frå eit samla politisk Noreg. Då må det kome handling.
Det seier leiar i Politiets Fellesforbund, Arne Johannessen, som denne veka er på landsmøtet til forbundet i Molde.
Politifolk frå heile landet samlast for å diskutere framtidas politirolle, bevæpning og beredskap, i ei tid då politiet har vore skaka etter handteringa av terrorhandlingane.
Arnstein Nilssen har lenge vore uroa over dårleg beredskap.
Foto: Gunnar Sandvik/NRKSlo alarm i august
At politiet har valt eitt av dei dårlegast bemanna politidistrikta i landet, er neppe tilfeldig.
Arnstein Nilssen, politimeister i Nordmøre og Romsdal, har for lengst slått alarm om beredskapssituasjonen i distriktet.
– Vi er på hælane når det gjeld både førebygging og beredskap på sjøen, sa Nilssen til NRK 16. august.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Samtidig har Nilssen varsla nedlegging av lensmannskontor, oppseiingar og sal av politibåtar for å få endane til å møtast.
– Manglar 3000 politifolk
Finn-Tore Pettersen, som er lokalleiar i Politiets Fellesforbund, seier manglane er store.
– Då eg sjekka i vår mangla vi 73 tenestemenn i forhold til det stipulerte, seier Pettersen til NRK.no.
På landsbasis er det enda verre.
Arne Johannessen meiner politikarane i Noreg må vakne.
Foto: Siv Sandvik / NRK– Vi manglar nærmare 3000 politifolk for å vere der politikarane meiner vi skal vere.
– Det er langt unna det forsvarlege, meiner Johannessen.
Politikarane må vakne
Forbundsleiaren meiner beredskapssituasjonen fleire stadar i landet er direkte uforsvarleg.
– At dette skal vere beredskapssituasjonen for samfunnet sitt sivile maktapparat og sivile beredskapsetat ... Det er på tida at politikarane vaknar og tek det på alvor!, avsluttar Johannessen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: