Hopp til innhold

Nilssen: – Vi er på hælane på sjøen

Politimeister Arnstein Nilssen har måtta kutte 15 stillingar i eige politidistrikt dei siste par åra. No vil han ha større regionar, og ser både sørover og nordover.

Politimeister Arnstein Nilssen vil at Møre og Romsdal og Sør Trøndelag skal vere eitt politidistrikt når politiet no skal omorganiserast. Dei siste par åra har han kutta 15 stillingar, og han meiner eit meir slagkraftig politi treng meir spisskompetanse noko større regionar vil gi.

Vil ha samanslåing med Trøndelag

Arnstein Nilssen

Arnstein Nilssen ser både nordover og sørover for å gjere politidistrikta større.

Foto: Nyhetsspiller / NRK

– Det er nødvendig – både av omsyn til kvalitet og slagkraft – at vi får større politidistrikt, seier Arnstein Nilssen, politimeister i Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

I dag var alle politimeistrane i Noreg samla på Gardermoen, der 22. juli-kommisjonen sin rapport og framtida for politidistrikta i Noreg blei diskutert.

Dei fleste politimeistrane ønskjer færre og større operasjonssentralar, og mykje tyder på at det går mot eit meir sentralisert politi.

Tysdag var politimeister i Sunnmøre politidistrikt, Steven Hasseldal, veldig klar på at Noreg no må kutte ned i talet på politidistrikt.

– Om vi slår saman er vi: betre rusta, den faglege kompetansen vil auke, ein kan i større grad ha tenesteordning døgnet rundt fleire stadar, og ein kan spisse spesialstillingar, sa Hasseldal, som vil slå saman Sunnmøre med Nordmøre og Romsdal.

Ser mot Trøndelag

Nilssen i Nordmøre og Romsdal ser derimot like mykje til Sør-Trøndelag som til Sunnmøre.

– Vi er eit distrikt som er føreslått saman med Sunnmøre. Kor vidt det er ein fordel for oss er vanskeleg å seie. Eg ville nok, om eg måtte ta avgjersla, heller sjå nordover til Sør-Trøndelag, seier politiveteran Nilssen til NRK.

Likevel er heile Møre og Romsdal saman med Trøndelag eit godt alternativ for Nilssen.

– For å takle framtidas kriminalitet må ein ha beredskap som er tilstrekkeleg.

Saka held fram under bildet.

Operasjonssentral

Slike operasjonssentralar bør det bli færre av, meiner politimeistrane i Noreg.

Foto: NRK

Har selt begge politibåtane

For Nilssen har eit lite politidistrikt, med mange lensmannskontor, lang reisetid og store utfordringar tæra på budsjettet.

Han har sett seg nøydd til å kutte 15 stillingar, samt selje begge politibåtane sine.

– Vi er eit kystdistrikt, med stor aktivitet på sjøen og havet. Vi er på hælane når det gjeld både førebygging og beredskap på sjøen, meiner Nilssen.

Talet på lensmannskontor er noko Nilssen no meiner må ned.

– Enkelte kontor skulle vore nedlagt slik som det er i dag. For vi har felles beredskaps- og vaktordningar, og det å kvitte seg med faste utgifter til fordel for eit driftsbudsjett, det meiner eg er viktig.

– På den måten kan vi gjere polititenesta enda betre og meir effektiv, avsluttar Nilssen.