Hopp til innhold

Kritiserer smittefri kommune for å innføre koronaturnus for helsetilsette

Helsepersonell går turnusar med lange vakter og hyppig helg på grunn av korona. Fylkesleiar i Sjukepleiarforbundet skuldar Kristiansund kommune for å utnytte situasjonen.

Kristansund rådhus

FÅR KRITIKK: Kristiansund kommune får kritikk for koronaturnus i heimesjukepleia.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Fleire stadar i landet har helsepersonell fått endra turnusane sine etter koronautbrotet.

Ingen smitta

I Kristiansund blei det innført koronaturnus i slutten av april. Det betyr at dei tilsette i heimesjukepleia jobbar sju dagar i strekk, med beredskap etter at arbeidsdagen er omme.

Målet var ein smitteførebyggande turnus, sa kommunen til avisa Tidens Krav.

– Å jobbe sju dagar på rad i heimetenesta, der det er fullt køyr heile tida, er slitsamt. Når du kjem til sjette og sjuande dagen er ikkje kroppen klar for det, seier tillitsvald Yngvild Avseth. Ho har frykta for pasienttryggleiken.

I Kristiansund er det ikkje ein einaste person som er kjend smitta i dag. Av dei 20 tilfella er alle friskmelde.

– Utnyttar situasjonen

I fleire år har det vore bekymring over sjukepleiarmangel, stor arbeidsbelasting og høgt sjukefråvær i heimetenesta i Kristiansund.

Ståle Evald Ræstad

Ståle Evald Ræstad

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Fylkesleiar i Norsk sjukepleiarforbund, Ståle Evald Ræstad, meiner det ikkje er smittevernomsyn som gjer at helsepersonell må jobbe denne turnusen, men mangel på folk.

– Det er tydeleg at dei utnyttar situasjonen og moglegheita til å sette i verk ein turnus som aldri elles ville ha blitt godkjent, seier Ræstad.

Til nettstaden sjukepleien.no uttalte Ræstad at Kristiansund brukar koronaturnusen kynisk.

Sjukepleiarforbundet har blitt kontakta frå tillitsvalde andre stader i landet som også opplever at koronaturnus blir brukt der det ikkje er naudsynt. Dei er i gang med å skaffe ei oversikt.

– Våre lokale tillitsvalde går i samarbeid med fylkeskontora gjennom kvar enkelt sak når desse dukkar opp, seier forbundsleiar Lill Sverresdatter Larsen.

Lederen i Norsk Sykepleierforbund, Lill Sverresdatter Larsen utenfor UNN i Tromsø.

Lill Sverresdatter Larsen

Foto: Jørn Inge Johansen / NRK

Kommunen snur

Kristiansund kommune meiner kritikken mot dei er grunnlaus. Dei hevdar at koronaturnusen blei innført for å beskytte dei som er i høgrisikosonen og avhengig av heimetenestene. Mangel på sjukepleiarar var ikkje tema.

– Turnusen i seg sjølv betrar ikkje dekninga av sjukeleiarar. Vi delte all kompetanse i to separate lag. Vi skulle gjerne ha avlyst pandemien, og uttrykk som «utnytting av situasjonen» opplever vi som urimeleg, spesielt når det kjem frå fylkesleiar i NSF, seier einingsleiar Gro Sundet.

Fredag ettermiddag blei det klart at kommunen snur i saka og går tilbake til normal turnus frå 25. mai.

Kristiansund rådhus

Kristiansund rådhus

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Yngvild Avseth er glad for å bli høyrt. Ho var redd for at dei tilsette skulle slite seg ut før hausten, då det kan kome eit nytt utbrot av viruset.

– At vi går tilbake til normal turnus att betyr at vi får puste og kan jobbe slik vi brukar, seier Avseth.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL