Meiner kommunar bryt lova

– Kommunane bryt både Friluftslova og Forvaltninglova når dei ikkje stoppar ulovlege stengsel for folk ute i naturen. Det seier Ingbjørn Bredeli i Forum for Natur og Friluftsliv i Møre og Romsdal. Dei har bede kommunane om å rydde opp i ulovlege adgang forbode-skilt, gjerde, bommar og fysiske hinder for ålmenn ferdsel i naturen, men har knapt fått respons.

Ingbjørn Bredeli, Forum for Natur og Friluftsliv
Foto: Gunnar Sandvik / NRK