Bergljot tek debatten
NRK Møre og Romsdal skal ha tett valkampdekning i vekene framover. Søndag 23. august er det ekstrasending frå
i Tresfjord. Programleiar Bergljot Hjortol skal utfordre listetoppane på emna samferdsel og velferd.NRK Møre og Romsdal samarbeider med arrangørane av Syltemartnan i Tresfjord og inviterer til valdebatt i Stall Wenaas. Debatten blir direktesendt på radio i
klokka 15 søndag og blir også sendt direkte på .Programleiar Bergljot Hjortol i NRK Møre og Romsdal gler til seg å utfordre topp-politikarane i fylket, slik ho har gjort det ved kvart val i fylket i ei årrekkje. Ho lovar publikum humoristiske innslag frå Tresfjordrevyen mellom debattane om samferdsel og velferd.
Samferdsel og velferd
- Vi vel å utfordre politikarane på emna samferdsel og velferd fordi emna er sentrale for folk flest og engasjerer mange, seier Hjorthol.
Direktesendinga frå Tresfjord på NRK P1 er ei av ekstrasatsingane til NRK Møre og Romsdal i årets valkampdekning.
- Det blir mykje politisk stoff i tilbodet vårt i dei tre siste vekene før valdagen og det er kjekt å kunne legge ei valsending til ein populær møtestad for mange, seier distriktsredaktør Hallstein Vemøy.
Frå måndag til torsdag blir det distriktsnyheiter med valstoff i ei utvida fjernsynssending kl 2050 til 2100 på NRK1. Torsdagane framover inviterer Bergljot Hjorthol til politiske duellar i ettermiddagssendinga i radio. Og på nettsidene til NRK Møre og Romsdal er der nyheitsartiklar og bakgrunnstoff om årets valkamp.