Hopp til innhold

Hevda han valdtok kvinne i søvne – blei ikkje trudd av retten

Mannen hevdar han hadde sex med kvinna medan begge to sov, og at han ikkje visste kva han gjorde. No er han dømd til fire års fengsel.

Molde politistasjon

I politiavhøyr forklarte mannen først at han huska deler av valdtekta. Då han kom i retten var forklaringa endra.

Foto: Remi Sagen / NRK

Det er ikkje første gong søvn har vore tema under ei overgrepssak i retten. Men denne gongen handla det ikkje om korvidt offeret var vaken. Ein mann i 50-åra hevda i Møre og Romsdal tingrett nyleg at også han sov under sjølve akta, og at han difor ikkje kan dømmast for valdtekta.

– Det er ei kjensgjerning at dette er eit fenomen, men det skjer svært sjeldan, seier statsadvokat Inger Myklebust, som var aktor i saka.

Ho viser til fagfolk som har uttalt seg i saka, og seier at også politiet meiner mannen var vaken og medviten under valdtekta.

Aktor Inger Myklebust

Statsadvokat Inger Myklbust fekk medhald i kravet om fengsel i fire år for valdtektsmannen som hevda han sov.

Foto: Frode Berg / NRK

Kan sleppe straff

Det er ikkje første gang ein gjerningsperson hevdar å ha sove under gjennomføringa av eit lovbrot. I 2015 blei ein mann i Trøndelag frifunnen fordi retten kom til at han hadde ein sjeldan søvnsjukdom, som gjorde at han ikkje kunne dømmast.

Men konklusjonen blei stikk motsett då ein psykolog ein psykiater vurderte om også mannen i Møre og Romsdal lir av noko slikt:

«De sakkyndige finner ikke at observanden har/har hatt noen tilstand som medfører svekket eller manglende bevissthet eller hukommelse» heiter det i dommen.

Retten viser også til at mannen har klart å kle av kvinna alle kle, forgripe seg og gått etter henne, og meiner det talar mot at han sov.

Anja Karin Hellander

Anja Karin Hellander er forsvarar for mannen og seier han ikkje ankar avgjerda.

Foto: privat

Fekk hjelp ute på gata

Kvinna forklarte i retten at dei to var på fest hausten 2020, og at ho la seg i senga hans med kleda på og sovna. Ho vakna av ein skarp smerte i underlivet, og oppdaga at mannen var i gang med å forgripe seg mot henne.

Naken sprang ho ut på gata og hylte etter hjelp, og reiste rett til overgrepsmottaket. I ettertid har livet vore svært vanskeleg for kvinna.

Advokat Anja Karin Hellander seier til NRK at mannen held fast på at han ikkje huskar sentrale deler av det som har skjedd.

– Han vurderer det slik at han likevel må akseptere dommen og ta straffa, og han har difor ikkje anka, seier ho. Dommen er dermed rettskraftig.

Astrid Bolstad

Astrid Bolstad er kvinna sin forsvarar. Ho seier kvinna er letta over at dommen no er rettskraftig.

Foto: Wold&Co

Fire år i fengsel

Mannen må no sone fire år i fengsel. I tillegg må han betale henne 175 000 kroner i erstatning.

Kvinna sin bistandsadvokat, Astrid Bolstad, seier kvinna er svært letta over at dommen no er rettskraftig og at mannen ikkje blei trudd på at han var medvitslaus under valdtekten.

– Det har vore ei svært vanskeleg sak å stå i ei slik sak, seier Bolstad.