Hopp til innhold

Mann funnen død på gata i Ålesund

Ein mann som vart funnen skadd på fortauet i Ålesund, er erklært død, opplyser politiet. Dei set i gang etterforsking.

Mann funnen død på Ysteneset i Ålesund

Politiet veit ikkje kva som har skjedd og startar etterforsking av saka.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Det var klokka 06.49 politiet fekk melding om at ein skadd person låg på fortauet på Ysteneset i Ålesund.

Då politiet og brannvesen kom til staden vart det sett i gang hjerte- og lungeredning. Mannen vart erklært død på staden då helsepersonell kom.

– Vi startar etterforsking, men mistenker ikkje at det har skjedd noko kriminelt, seier operasjonsleiar Magne Tjønnøy ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Området var ei stund sperra av og kriminalteknikar har vore på staden.

Politiet kan ikkje seie noko om alder på mannen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL