Hopp til innhold

Mann brukte øks for å bryte seg inn på stengt bar i Kristiansund

Då politiet kom til staden sat mannen og drakk vin.

Innbrudd ved bar i Kristiansund.

Ein mann i 60-åra skal ha brukt ei øks for å kome seg inn i lokala til Boteco Kristiansund. Han tok seg så inn gjennom vindauget.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Klokka 05.11 natt til søndag fekk politiet i Møre og Romsdal melding om at nokon hadde tatt seg inn i bar og restauranten Boteco i Kristiansund.

Der hadde ein mann i 60-åra brukt ei øks for å knuse seg inn på baren etter stengetid.

– Då politiet kom til staden sat mannen og drakk vin, fortel Eivind Klokkersund, operasjonsleiar i politiet.

Innbrud i bar i Kristiansund.

Søndag hadde ei plate blitt festa over det knuste vindauge til Boteco.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Tatt med inn til arresten

Mannen hadde også gjort ein del skadeverk inne på Boteco.

Operasjonsleder i politiet i Møre og Romsdal, Eivind Klokkersund

Operasjonsleiar i politiet, Eivind Klokkersund, seier dei ser alvorleg på hendinga.

Foto: Remi Sagen / NRK

Han blei sjekka for skader av helsepersonell på staden før han blei tatt med inn til arresten.

– Vi vil avhøyre han i løpet av dagen for å få hans forklaring og så følge opp saka vidare, seier Klokkersund.

Politiet etterforskar saka vidare.

– Dette er ikkje ein åtferd som politiet ønskjer og vi ser alvorleg på det. Saka blir difor følgt opp frå vår side, seier Klokkersund.

– Trist

Øyvind Thorsen driv Boteco og var sjølv på jobb laurdag natt. Etter stenging og opprydding reiste han heim rundt klokka 04.00. Så, i 05.00-tida, ringde politiet.

– Eg er berre glad for at eg ikkje var der då det skjedde. Det er skummelt å tenke på, seier Thorsen.

Dei har så langt ikkje full oversikt over skadane, men ifølge Thorsen manglar det fleire flasker med alkohol. I tillegg til at vindauge er knust blei også deler av inventaret øydelagt då mannen tok seg inn i lokalet. Thorsen seier han mistenker at mannen ikkje har vore aleine om innbrotet, og har varsla politiet om dette.

– Eg synest der er trist at nokon har gjort dette, seier Thorsen.

Baren ligg i Skolegata i Kristiansund.