Mangel på bustader gjer at bustadprisane held fram med å stige i Møre og Romsdal. Prisane har stige vel fire prosent det siste året.
– Vi har ganske få bustadar ute for sal, som resulterer i ei lågare omsetjing enn det vi hadde på same tid i fjor, seier Randi Hollingen som er leiar i Møre og Romsdal eiendomsmeglerforening.
I februar hadde Møre og Romsdal eiendomsmeglerforening 161 omsetjingar, mot godt over 200 i februar i fjor.
– Vi har nesten 30 prosent lågare mengd omsetjingar på same tid i år, seier Hollingen.
Prisane held fram å stige
Det betyr at ein må rekne med at prisane held fram å stige, fordi det er få bustadar ute for sal.
– På same tid er det nok annleis her enn dei store byane. Få mengd enheiter gir veldig høg omsetjingstid, seier Hollingen.
I Møre og Romsdal tar det i snitt 42 dagar for å omsette ein bustad. I dei største byane i Norge skjer det på under 2 veker.
– Vi ligg framleis høgt i mengd dagar omsetjingstid, seier Hollingen.
Behov for nye bustadprosjekt
Størst press på bustadprisane er det naturleg nok byane og tettstadane i fylket og eit klart behov for å bygge nye bustader.
– Det er der mangelen er størst. Vi har behov for fleire bustadprosjekt for å følge med på den befolkningsveksten som både er ønska i mange byar, og den veksten som naturleg kjem til byane, avsluttar Hollingen.