Tiandeklassingen Magnus Tafjord Wold har aldri før vore så sjuk som då han sist veke fekk influensa. Han spydde og hosta, hadde høg feber og intens hovudverk.
– Eg fekk veldig vondt i kroppen. Dei to-tre første dagane var det slik at eg ikkje klarte nokon ting. Eg hadde ikkje lyst å sjå på mobilen ein gong, seier han.
I fleire dagar var han sengeliggande, og sjølv etter ei veke heng hosten igjen i den unge kroppen. Tidlegare i vinter hadde 15-åringen korona, og då var han langt frå så sjuk.
Den fotballinteresserte guten har plukka fram igjen mobilen, men måtte ha ein pause då influensaen sto på som verst.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKFHI: – Kan bli omfattande med mange sjuke
Folkehelseinstituttet følgjer nøye med på spreiinga av influensaviruset no. Det er ikkje meir enn to veker sidan FHI trudde at det kanskje ikkje blei noko utbrot av influensa i Noreg i år. Men så blei brått 100 skuleelevar smitta på eit skuleball i Ålesund sist veke. Det er det største utbrotet på over to år.
Kombinasjonen av låg immunitet i befolkninga og intensiteten i årets virusvariant skaper uro hos FHI over det overraskande utbrotet.
– Av denne grunn er det difor uro for at det neste influensautbrotet kan bli omfattande med mange sjuke, seier Trine Hessevik Paulsen, som er lege ved Folkehelseinstituttet.
Kvart år døyr gamle og sjuke av influensa, og mellom 5–10 prosent i befolkninga blir gjerne smitta i løpet av ein sesong. Paulsen trur ikkje smitten kjem til å nå så mange no.
– Sjølv om det er truleg at det blir aukande smitte i Noreg framover, går vi også raskt mot vår, og vi antar at dette vil bremse smitten, seier ho.
Trine Hessevik Paulsen i Folkehelseinstituttet seier det er uro for at mange kan bli sjuke.
Foto: Kjartan Rørslett / NRKVentar mange tusen smitta
Kommuneoverlegen i Ålesund trur også våren vil ha ein positiv effekt, men er ikkje like optimistisk. Etter å ha observert smittetala i kommunen dei siste dagane, trur han at 10 prosent av innbyggarane kan bli sjuke. Det vil bety mellom 6000 og 7000 sjuke i ein kommune med 67 000 innbyggarar.
Det gjorde at han før helga gjekk ut og bad sjuke folk om å halde seg heime. Han seier smitten truleg har spreidd seg til andre deler av landet allereie.
– Den influensavarianten vi har no er ein litt hissig sak, seier kommuneoverlege Alexander Drabløs Wiig.
Kommuneoverlege Alexander Drabløs Wiig trur mange tusen kan bli smitta berre i Ålesund.
Foto: Remi Sagen / NRKGler seg til å vere ute igjen
Etter ei veke heime skal Magnus Tafjord Wold prøve seg på fotballtrening med bylaget Herd for første gang i dag. Han har leita fram den svarte shortsen og dei kvite fotballskoa på ein av vårens finaste dagar. 15-åringen hostar framleis, men trur det skal gå fint.
– Det blir ein skikkeleg opptur. Eg synest det er veldig gøy å oppmuntre kvarandre og spele med vener, som eg ikkje har gjort på ei veke, seier han og smiler.
No krysser han fingrane for at andre ikkje blir like sjuke som han
– Eg håper det ikkje blir like gale for andre som får det, seier han.
Fotballen er henta fram igjen, og seinare måndag skal han på trening med shorts og kvite fotballsko.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK