Hopp til innhold

Kraftig influensautbrot i Ålesund – nær 100 av 160 smitta på ball

Det er eit kraftig smitteutbrudd på ein ungdomsskule i Ålesund av influensa, det største i Noreg sidan før pandemien. – Vi har ikkje oversikt, seier kommuneoverlegen.

Elevar på Spjelkavik ungdomsskole.

Halve tiandetrinn på Spjelkavik ungdomsskole i Ålesund har vore sjuk den siste veka.

Foto: Sara Lovise Roaldset / NRK

Etter eit skuleball på Spjelkavik ungdomsskole i Ålesund førre veke, er nær 100 av rundt 160 elevar smitta med influensa.

– Svært mange fekk influensaliknande symptom på kort tid, og i går fekk vi stafesta at det gjeld influensa av type A, seier kommuneoverlege Alexander Wiig.

Det er tre år sida førre influensabølgje, og det er generell låg befolkingsimmunitet mot viruset. Derfor kan viruset smitte raskare og sjukdomsforløpet bli kraftigare.

– Vi veit at det har sirkulert influensavirus, men i svært lite omfang. Så det var litt overraskande at det kom eit så kraftig utbrot, seier Wiig.

Alexander Drabløs Wiig, kommuneoverlege i Ålesund.

Det er viktigare enn nokon gong å vere heime når du er sjuk og symptomførande, seier kommuneoverlege i Ålesund, Alexander Wiig.

Foto: Remi Sagen / NRK

Kan få endå høgare sjukefråvêr

Kommunen har ikkje oversikt over kor langt smittebølgja har kome, fordi dei ikkje har testa for dette. Dei har allereie høgt sjukefråvêr på grunn av koronaviruset, og ein kraftig influensabølgje på toppen kan gjere det ekstra belastande.

– Det kan tyde på at bølgjen har kome lenger enn vi har trudd. Det er viktigare enn nokon gong å vere heime når du er sjuk, seier kommuneoverlegen.

Halve tiandetrinn på Spjelkavik ungdomsskole har vore borte sist veke. Nokre har også hatt korona, men ein kan få fleire virus på same tid.

– Det dei fleste seier er at dei hatt feber, litt hoste, sår hals og nokre har hatt oppkast. Dei som har hatt covid i vinter seier at influensasjukdomen er hardare på kroppen, seier avdelingsleiar Dag Atle Lee Eiksund.

Spjelkavik ungdomsskole

Det er oppdaga eit kraftig utbrot av influensa på Spjelkavik ungdomsskole i Ålesund, men det kan ha spreidd seg lenger.

Foto: Sara Lovise Roaldset / NRK

Roleg veke for tiandeklassingane

Elevane har merkt at det har vore ei annleis veke, og undervisninga har heller ikkje vore den same.

– Det har vore veldig rart, for det har ikkje vore folk på skulen. På måndag var vi berre rundt 11 av 27 i klassen. Då tenkte eg «kva i alle dagar er dette for noko?», seier Faye Høyem (15).

Elevar på Spjelkavik ungdomsskole.

Det har vore ei uvanleg veke for femtenåringane Faye Høyem, Jenny Storlykken Sunde, Ida Olsen og Agnesa Morina.

Foto: Sara Lovise Roaldset / NRK

Ho er ein av dei som har vore heldig og slept unna. Det var særleg etter skuleballet torsdag kveld førre veke at mange blei sjuke.

– Når det endeleg har opna opp og blir som normalt, så skjer dette her. Vi er ungdommar og fortener ein vanleg kvardag, seier Høyem.

FHI undersøker no kva slags undergruppe av influensa A det dreier seg om.

Symptoma kan vere høg feber, muskelverk, hovudepine, nedsett allmenntilstand, oppkast og diaré. For dei som er smitta er rådet å få mykje kvile, væske og febernedsetjande. Dei fleste blir frisk etter ei vekes tid.