NRK Meny
Normal

Leiteaksjon i Fræna

I Elnesvågen i Fræna er politiet set politiet i verk søk etter ei omlag 80 år gammal dame.

Ho blei sist sett i heimen sin i 22-tida i går kveld, og blei meldt sakna i 05.40-tida.

Laster kart, vennligst vent...

Kvinna er 170 centimeter høg, har grått hår, er kraftig, og har truleg på seg ei rosa jakke og ei tynn mørk joggebukse.

I tillegg til ekstra politimannskap blir Røde Kors og Norske Redningshundar med på søket. Også Hovudredningssentralen er varsla, i tillegg til AMK som har ein ambulanse ute.

Politiet ber dessutan folk om å sjekke i hagar, uthus og boder om kvinna kan vere der.