Lærer pleiarar kampsport

Pleiarane på Hatlane omsorgssenter i Ålesund lærer kampsport for å handtere valdelege pasientar, skriv Aftenposten. Etter fleire alvorlege valdsepisodar, lærer dei mellom anna å kome seg ut av kvelartak og andre farlege situasjonar. Opplæringa starta for eitt år sidan, samtidig som leiinga auka bemanninga til tider. Det har gitt resultat, skriv avisa.

Omsorgssenter
Foto: Martin Gustafson