Hopp til innhold

Elevar kan møte stengde dører på skulen

11.000 går ut i streik frå måndag morgon viss ikkje partane i stat- og kommuneoppgjeret blir einige. Då kan bli stilt i mange skule- og SFO-lokale.

Blindheim barneskule - streikesak

På Blindheim barneskule gjekk leiken godt mellom niåringane Nelly Elise Cock-Olsen, Viktoria og Sara Alvestad Kjerstad. Men slik blir det kanskje ikkje på måndag.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Sara blindheim barneskole

Sara Alvestad Kjerstad syns det er leit at SFO kan bli stengt, fordi assistentane kan bli tekne ut i streik.

Foto: Synnøve Hole / NRK
Linda Hansen

Linda Hansen, FAU-leiar ved Blindheim barneskole, trur at det kan bli kaos i mange familiar viss ungane ikkje får kome på skulen.

Foto: Synnøve Hole / NRK
Hanne Tonning Delta Ålesund

Hanne Tonning seier at streik er nødvendig for å få fleire kvalifiserte lærarar inn i skulen.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Sara Alvestad Kjerstad (9) er blant dei som kan møte stengde dører på SFO, og det syns ho er leit.

– Det er litt dumt, men også litt bra fordi då får eg meir tid til å gjere lekser heime. Men det kan også bli kjedeleg å vere heime så lenge, så då får eg bruke tida til å spele gitar eller teikne, seier Sara.

Konsekvensar for foreldre

Det er forventa at mange barnehagar og skular må stengje dersom dei tilsette går ut i streik. Då kan foreldre bli tvinga til å leite etter alternative løysingar for barnepass. FAU-leiar Linda Hansen ved Blindheim barneskole vedgår at dette får store konsekvensar.

– Veldig mange foreldre er avhengige av å ha barnepass for å kome seg på jobb. Det er heller ikkje alle foreldre som kan ta seg fri frå arbeid. Difor kan ein streik få store konsekvensar for familiane, seier Hansen.

– Nødvendig med streik

Hovudtillitsvalt i Delta Ålesund, Hanne Tonning, meiner at streik er nødvendig for å få betre kvalitet i skulen.

– Vi syns at det er trist at streiken råkar barna, men på den andre sida er det veldig viktig for oss å få kvalifisert arbeidskraft inn i skulen. Difor er streik det einaste alternativet, seier Tonning.

Råkar skule og SFO

Nesten 300 menneske i dei tre største byane i Møre og Romsdal kan bli tatt ut i streik frå måndag morgon. Streiken omfattar mellom anna fleire lærarar i Molde og SFO-assistentar i Ålesund og Frei.

Meklingsfristen for partane i både staten og kommunane går ut ved midnatt den 25. mai. Ein eventuell streik kan bli sett i gang ved starten av arbeidsdagen måndag 26. mai.

I Molde er nesten 200 menneske varsla om streik, mange av dei i skuleverket. Både på Frei og Ålesund kan ei rekkje assistentar i SFO bli tekne ut.

Blindheim barneskole
Foto: Synnøve Hole / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL