Hopp til innhold

Kvinneleg paraglider berga frå fjellhylle

Den kvinnelege paraglideren som hamna på ei fjellhylle på fjellet Signalen på Valderøya i Giske er henta ut av ambulansehelikopteret og frakta til Ålesund sjukehus.

Paragliderulykke Valderøy

Mannskap tek seg ned til fjellhylla som kvinna ligg på ei hylle i fjellveggen over Valdervoll på Valderøya i Giske.

Foto: Charlotte Ervik / NRK
Fallskjermulykke Valderøy

Ambulansehelikopteret landa på fjellet Signalen på Valderøya.

Foto: Cecilie Solli
Paragliderulykke Valderøy

Kvinna låg på ei fjellhylle omtrent 20 meter nedanfor der ho hadde hoppa.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK
Kjetil Hauge

Amelia Hauge, Kjetil Hauge og Josefine Hauge var på fotballtrening på Valdervoll stadion då dei såg kvinna hoppe frå Signalen med paraglider.

Foto: Charlotte Ervik / NRK

Alle naudetatar rykte ut etter at politiet fekk melding om ei paragliderulykke på Valderøya i Giske kommune klokka 18.35 onsdag kveld. Kvinna låg ca 20 meter under toppen av fjellet Signalen og var våken då hjelpemannskapet kom.

Etter om lag ein time melde politiet på Twitter at kvinna blei henta ut frå staden av ambulansehelikopteret. Helikopteret heiste henne opp til fjellet, der det landa igjen.

Politiet seier at kvinna er våken, men at tilstanden er uviss. Ho er frakta til Ålesund sjukehus av luftambulansen.

Låg vanskeleg til

Klokka 19.14 melde politiet på Twitter at kvinna ligg vanskeleg til, og at eit Sea King-helikopter er på veg, men dette blei avbrote.

Fleire personar som var på Valdervoll stadion, like under fjellveggen, var vitne til at kvinna hoppa. Blant dei var Kjetil Hauge og døtrene hans.

– Vi såg folk på toppen av fjellveggen. Ein av dei hoppa ut og landa på grusbana. Den neste personen som hoppa gjekk rundt og hamna rett inn i fjellveggen ganske raskt.

Ifølgje innsatsleiar Martin Kristiansen i politiet var kvinna med i følgje med fleire.

– Det stod fleire på toppen , men vi veit ikkje om dei hadde planar om å hoppe.