NRK Meny
Normal

Kronprinsparet fekk fiskerestar i vinglasa

Forskarar frå heile verda er i dag samla i Ålesund for å finne ut korleis dei kan nytte heile fisken og kva helseeffektar det gir. Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit trur havet er framtida.

Gå til forsiden

Kronprinsparet besøker Ålesund

Kronprinsparet på maritim konferanse

Kronprinsparet besøker Ålesund

17 bilder

    I dag startar konferansen «Marine Protein & Peptides in functional nutrition Symposium» i Ålesund, der fagfolk frå heile verda møtast for å diskutere korleis dei kan utnytte heile fisken. Det er dokumentert helseeffekt på fiskeoljar, men forskarane er heilt i startgropa for å finne ut korleis marine protein verkar.

    Konferansen, som vert arrangert av organisasjonen Legasea, samlar dei verdsleiande forskarane, slik at dei kan bli kjende med kvarandre og lage nye nettverk.

    Kronprinsparet i Ålesund

    Kronprinsparet besøker Ålesund torsdag.

    Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

    Havet er framtida

    Kronprinsparet opna konferansen.

    – Havet er framtida for mennesket dersom vi utnyttar ressursane klokt, sa kronprins Haakon i talen sin. Han skryt av organisasjonen som jobbar for å utnytte det maritime restråstoffet.

    Kronprinsen peika også på viktigheita av eit nært samarbeid mellom det private og det offentlege, som universitet og sjukehus.

    Dei kongelege fekk smake på ulike produkt laga av restråstoffet av fisken. Det var ikkje vin i glaset deira, men ein sportsdrikk av fiskerestar. Kronprinsessa syntest at det slett ikkje smakte verst og også Kronprins Haakon ga gode tilbakemeldingar.

    Kan bli suksess

    Vinita Bali

    Vinta Bali frå India har stor tru på at ingrediensar frå fisken som vi i dag kastar, kan bli mat i framtida.

    Foto: Jannicke Farstad / NRK

    Ms Vinita Bali er leiar for den globale alliansen for bedre næring, Gain. Ho trur at dersom vi tar dei gode ingrediensane som er tilgjengelege frå fisken og bearbeidar dette til eit matprodukt som smakar godt og folk vil kjøpe, kan det bli ein suksess.

    – Mykje av det kjem an på produktutvikling og korleis det vert marknadsført, seier Bali.

    Restråstoff blir helsekost

    Kronprinsparet vitjar også trålaren Molnes. I fiskebåten har dei bygt ein heilt ny fabrikk, der dei skal gjere restråstoffet frå fisken om til helsekostprodukt. Før vart restane av fisken kasta på havet.

    Etter lunsjen skal dei kongelege besøke Epax/FMC Norway.