- Frå i dag har kultursenteret ei verdig scene for sine mange ute-arrangement, sa kronprins Haakon framfor meir enn 700 menneske som deltok på opninga.
Kultursentrum
Mange har venta på opninga av utescena sidan nybygget av Sverre Fehn stod klart for åtte år sidan. I talen sin fokuserte kronprinsen på å styrke Aasen sin posisjon som kultursentrum.
- Uteamfiet på Ivar Aasen-tunet er et av landets aller eldste stevnesteder. Til Aasens 100 års-jubileum i 1913 skal det ha vært 8000 mennesker samlet her. En ny utescene er et viktig signal om ønske og vilje til å styrke den lange tradisjonen for at Ivar Aasens fødested skal være et levende kultursentrum.
Planta ny tunbjørk
Kronprinsen fekk også oppdraget med å plante eit nytt tuntre på staden der den gamle Storebjørka sto. Tuntreet hadde hadde mykje å seie for Ivar Aasen og det nye treet er ein genetisk kopi av dette.
– Det er litt av en kjærlighetserklæring til dikteren å klone 300 bjørkeplanter som er genetisk like den opprinnelige tunbjørka, som til slutt måtte gi tapt for vær og slitasje, sa kronprins Haakon i talen sin.
Vassendgutane
Kronprinsen trur også at Ivar Aasen ville ha vore nøgd med at eit orkester som nyttar Ørsta-dialekten ligg på toppen av plate-salet i Noreg for tida, sjølv om det ikkje er mykje likskap i deira og Ivar Aasen sine tekstar.
Inspirert av Ivar Aasen
Fleire artistar som har etablert seg etter at Aasen-tunet opna deltok under dagens feiring. Mellom anna serverte pianisten Erlend Slettevold ei jazztolkning av "Mellom bakkar og berg", forfattaren Sigmund Løvåsen las frå romanen ”Brakk” og folkemusikkgruppa Majorstuen begeistra publikum med melodien ”Kåbbåi”, inspirert av Ragnar Hovland sitt dikt om Ivar Aasen og katten hans.