Hopp til innhold

Kritisk til ferjeselskapa

Sjøfartsdirektøren er kritisk til dei mange ulukkene med ferjer langs kysten. No vil han ha fokus frå reiarlaga.

Ferja ligg til kai på Stranda etter krasjen i Liabygda.

KVILER: Ferja låg til kai i Stranda etter kollisjonen måndag morgon.

Foto: Herborg Bergaplass/Sunnmøringen

- Det var ein voldsom smell akkurat når det skjedde, og me forstod ikkje heilt kva som var skjedd, seier Kåre Stadheim. Han var med ferja då den krasja i kaia på Stranda måndag morgon.

Han fekk kuttskadar i handa då han og ein kollega fall inn i eit vindu midt inni salongen. Kollegaen fekk sterkare skadar enn han, med kutt i andletet og i ein finger.

- Tankevekkjar

- Det var ingen panikk. Me fekk god hjelp med ein gong av mannskapet, så det var ingen panikk hjå oss i alle fall.

Det er ikkje fyrste gong det skjer ulukker med ferjene langs kysten. Kanskje er det for mange.

- Det er ein tankevekkjar. Det byrjar bli veldig mange uhell, seier leiar i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal Frank Sve.

Frank Sve

- TANKEVEKKJAR: Kva gjer at det er så mange uhell med ferjer, spør leiar Frank Sve i samferdselsutvalet.

Foto: Trond Vestre / NRK

- Det har store konsekvensar for dei som reiser. Me bør sjå på kva som gjer at det er så mange uhell, meiner han.

- Forventar betring

Sjøfartsdirektør Olav Akselsen er bekymra for dei mange uhella, og refsar reiarlaga som driv ferjene.

Olav Akselsen

REFSAR REIARLAGA: - Eg forventar at reiarlaga set fokus på dette, seier Sjøfartsdirektør Olav Akselsen.

Foto: Sjøfartsdirektoratet

- Me har hatt fleire møter med ferjereiarlaga og tatt opp denne problemstillinga. Likevel ser me inga betring, seier Akselsen.

Dermed må dei på nytt må ta kontakt med reiarlaga for å få fokus på problema.

- Eg forventar då at dei set dette øvst på agendaen sin, for å finne ut kva som skjer, og kvifor, seier han.