Kritisk skadd etter arbeidsulykke

Tilstanden er alvorlig, kritisk og uavklart for ein 45 år gamal mann som blei sendt til St. Olavs hospital etter ei arbeidsulykke ved Vestbase i Kristiansund tysdag, opplyser sjukehuset i Trondheim. Mannen jobba med ein truck og fekk alvorlege klemskadar i ulykka.