Hopp til innhold

Krasja i ferjelemmen

"Bjørnsund" krasja i ferjelemmen på Bremsnes onsdag kveld.

Her har ferga Bjørnsund kommet seg inn til kai for egen maskin.

Ferja Bjørnsund etter grunnstøting i 2007.

Foto: Svein Ludvik Holme

- Det har vore eit samanstøt mellom ferja og fjerlemmen, seier Anker Grøvdal i Fjord1 MRF.

Slakka ikkje ned

- Eg veit ikkje noko om styrken på samanstøtet, men det var kraftig nok til at lemmen har hamna i vatnet, seier Grøvdal.

MRF fekk meldinga om samanstøtet klokka 20.45 onsdag kveld.

Passasjerar som var ombord då ferja krasja seier til Tidens Krav at ferja hadde stor fart inn mot land.

- Ferja slakka ikkje på farta som den gjer når den nærmar seg land. Mannskapet fekk jaga bort passasjerar frå baugen før det small, seier ein passasjer til avisa.

Folk som skulle ta ferja frå Bremsnes måtte køyre om Atlanterhavsvegen for å kome seg til Kristiansund.

Hurtigbåt

Fjord1 MRF-direktør Anker Grøvdal

Fjord1 MRF-direktør Anker Grøvdal.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal / NRK

MRF opplyser om Kystekspressen og Gripskyss vil gå onsdag kveld og torsdag morgon.

- Vi veit ikkje lengre enn til klokka 10.00 torsdag morgon for då har Gripskyss eiga rute, seier Anker Grøvdal.

Det er Statens Vegvesen som har ansvar for å fikse ferjelemmen og Grøvdal håper på ei løysing så fort som mulig.

- Vi håper å ha eit hurtigbåttilbod fram til ferja er tilbake i rute, seier han.

Det var 19 bilar og 42 passassjerar ombord i ferja under krasjet.

På grunn

Tidens Krav skriv at seinast i fjor gjekk den same ferja på grunn då ein lærling sto aleine til rors.