Hopp til innhold

Køyrde i sjøen då båten skulle sjøsetjast

Ei kristiansundskvinne i 20-åra køyrde i sjøen då ho skulle sjøsetje ein båt på Frei. Både politi, brannvesen og ambulanse rykte ut.

Bil hamna i sjøen på Frei i Kristiansund

Slik gjekk det då ei kvinne skulle sjøsetje ein båt på Frei.

Foto: Jonas Hjellnes

Alarmen gjekk då politiet søndag kveld fekk melding om at ein bil hadde hamna i sjøen ved den gamle ferjekaia på Kvalvåg på Frei. Redningsetatar rykte ut og redningsdykkarar vart rekvirerte. Det skriv Tidens Krav.

Høyrdest dramatisk ut

Politiet fekk melding klokka 19.42 frå ein nabo som stod på terrassen og såg at ein bil hadde hamna i vatnet og at ein person hadde kome seg ut.

– Vi visste ikkje då om det var fleire i bilen, så vi rekvirerte dykkarar og rykte ut til staden, seier operasjonsleiar i Nordmøre og Romsdal politidistrikt, Jan Helge Kjøl.

Det var to personar som skulle sjøsetje ein båt, ei kvinne i 20-åra køyrde og ein mann i 60-åra stod i båten. Kvinna mista kontroll og bilen for i sjøen.

Kom seg velberga på land

– Det var ei dramatisk førstemelding. Då eg så ringde tilbake til naboen som hadde varsla fekk vi vite at det ikkje var fleire i bilen. Det gjekk heldigvis bra med begge dei to som enda med å sjøsetje både bil og båt, seier operasjonsleiar i politiet, Jan Helge Kjøl til NRK.

Både politi og ambulanse kom til staden og fekk bekrefta at det gjekk bra med dei to uheldige på Frei.