Hopp til innhold

Kleven-aksjonærar ikkje bestemt sal

Aksjonærane i Kleven Maritime har framleis ikkje avgjort om dei vil selje selskapet til Havila.

Kleven verft, Ulstein
Foto: NRK

Klubbleiaren ved Kleven verft i Ulstein har tidlegare sagt at han helst vil ha Kleven-familien med vidare som eigarar.

Ved Havyard Leirvik har dei gode erfaringar med Havila som eigar, seier leiar i verkstadklubben, Stein Arne Solheim:

- Det blir stilt store krav til at vi skal tene inn pengar eigarane og verftet, men igrunn og at vi har fått lov å kome med idear til framtida.

- Havila er satsingsvillige

Havila har vore inne som eigar av verftet i Leirvik i fleire år. Om dei no får hand om Kleven Maritime vil Havyard-gruppa bli betydeleg større enn det ho er no. Solheim meiner Havila har vore villege til å investere i det utstyret som trengs for å henge med i verftsbransjen:

- Her i Leirvik har vi i alle fall dei siste åra fått ein god del tilførsel av kapasitet, seier Solheim.

Mellom anna har verftet fått ei ny utrustingskai, og auka lagerkapasitet.

 - Solid bedrift

Solheim kjenner Kleven maritime som ei solid bedrift, og han er positiv til planane som Havila har presentert for den potensielle verftsgruppa:

- Etter som eg forstår er vel intensjonen med å gi bud på bedrifta, at dei føler at dei er gode. 

Aksjonærane i Kleven Maritime har framleis tid på seg for å bestemme om dei vil selje til Havila, eller om dei vil nytte seg av forkjøpsretten sin.

Klubbleiaren på Havyard Leirvik følger interessert med på kva som skjer med i saka:

- Vi veit jo ikkje kva framtida vil bringe, men syns dette er spanande, seier klubbleiar Solheim.

 

 

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL