Hopp til innhold

Klar for Molde

Espen Bugge Pettersen kan debutere mot Brann søndag.

Espen Bugge Pettersen

Etter åtte sesongar i Sandefjord blei Espen Bugge Pettersen laurdag klar for Molde.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Espen Bugge Pettersen er klar for Molde. Keeperen kjem frå Sandefjord og har skrive ein kontrakt på 3,5 år for romsdalingane.

– Ein av dei beste

Molde-direktør Tarje Nordstrand Jacobsen seier at Bugge Pettersen er ei god forsterking.

Tarje N. Jacobsen

Tarje Nordstrand Jacobsen er administrerande direktør i Molde.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Dette betyr at vi har fått den kanskje beste keeperen i Eliteserien dei siste åra. Vi håper at han skal utvikle seg og på den måten tilføre laget ein ny dimensjon på keeperplassen, seier administrerande direktør Tarje Nordstrand Jacobsen i Molde til NRK.

Bugge Pettersen har ein landskamp og er speleklar for Molde alt til kampen mot Brann søndag.

Intensiv jobbing

Sandefjord fotball skriv at kubben i utgangspunktet ikkje ville gi slepp på keeperen, men at dei ikkje ville stå i vegen for Bugge Pettersen sitt ynskje om klubbskifte då romsdalingane kom med eit økonomisk tilbod dei kunne akseptere.

– Vi har jobba ganske intensivt dei siste dagane for å få sikre oss Bugge Pettersen. Vi er veldig glade for at vi fekk det til, seier Nordstrand Jacobsen.

Laurdag formiddag blei det også klart at Baye Djiby Fall spelar for Molde ut sesongen. Senegalesaren er på utlån frå Lokomotiv Moskva.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL