Hopp til innhold

Blir sjuke av dårleg inneklima

Studentar og tilsette ved Høgskulen i Volda meiner dei blir sjuke av dårleg inneklima. Men enn så lenge må dei lufte på gamlemåten.

Henrik Kaarstad-huset ved Høgskulen i Volda

Henrik Kaarstad-huset ved Høgskulen i Volda får nytt ventilasjonsanlegg i 2013.

Foto: Høgskulen i Volda

– Vi ønskjer oss ventilasjon etter dagens standard så fort som praktisk mogleg i alle husa. Men økonomien setter praktiske avgrensingar for kor fort det kan skje, seier driftssjef ved Høgskulen i Volda, Leif Roar Strand.

Ivar Aasen-huset ved Høgskulen i Volda

Ivar Aasen-huset ved Høgskulen i Volda.

Foto: Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda har til saman 14 hus. Fleire av desse har dårleg ventilasjon. I det eldste, Kaarstadbygget frå 20-talet, skal det installerast ventilasjonsanlegg til omkring 10 millionar. Men det skjer fyrst i 2013.

–Målingar viser at det er veldig dårleg luft i romma i Kaarstadbygget. Der har vi fått klage frå studentar, fortel Strand.

Kaarstadbygget har no høgste prioritet etter at studentar og tilsette ved høgskulen meiner dei blir sjuke av det dårlege inneklimaet.

Slit med inneklima

Men det er fleire av husa som er gamle og manglar ventilasjonsanlegg. Nokre av husa har gamle anlegg som ikkje held dagens standard.

Torgeir Dimmen

Verneombod, Torgeir Dimmen, har teke imot mange klager på inneklima

Foto: Heidi Fagna / NRK

Også i Aasenhuset frå 70-talet, er kapasiteten på ventilasjonsanlegget dårleg. Kapasiteten er berre på ein tredjedel av behovet, og dei som oppheld seg i bygga slit med inneklimaet.

–Vi har påpeikt og kommentert dette fleire gonger dei siste åra. Men førebels har lite eller ingenting skjedd, seier verneombod Torgeir Dimmen.

Må lufte på gamlemåten

Men det finst ikkje pengar til å dekkje utbetringane som trengst. Trass i mange klager, og ønskjer om nye anlegg, trur driftssjefen ved Høgskulen i Volda, at frisklufta må kome på gamlemåten i mange år framleis.

–Det er heilt legitimt å ventilere ved å late opp vindauget og lufte i kvar pause. Slik blei det gjort i gamle dagar, så det fungerer no også.