Hopp til innhold

Karen blei kvitt 200.000 i forbruksgjeld: – Eg brukte pengane på det eg ville, når eg ville

Åleinemora slutta å betale rekningar og sjekka ikkje posten. Vendepunktet kom då straumen blei kutta. – Eg blei heilt knust.

Karen Ulfsnes Bjørnholm portrett. Ho ser rett i kameraet med eit nøytralt ansiktsuttrykk.

Karen vil vere open om det å miste grep om økonomien. Ho vil vise at det er mogleg å løyse det.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Karen vil vere open om det å miste grep om økonomien. Ho vil vise at det er mogleg å løyse det.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

For nokre år sidan studerte Karen Ulfsnes Bjørnholm (26) sjukepleie i Kristiansund. Ho fekk stipend og overgangsstønad som åleineforsørgar, men inntekta gjekk ikkje til det den skulle.

– Eg festa mykje, reiste mykje, budde på hotell kanskje to gonger i månaden. Eg betalte ikkje for barnehage eller legebesøk og sjekka ikkje postkassa mi i det heile tatt. Eg brukte pengane mine på akkurat det eg ville, når eg ville, seier Bjørnholm.

Ho visste at ho måte betale «ein gong», men mista kontrollen på økonomien. Forbruksgjelda hopa seg opp til å bli på nesten 200.000 kroner.

Det var avisa Tidens Krav som først skreiv om Bjørnholm.

Straumen blei kutta

Vendepunktet kom ein dag Bjørnholm kom heim etter å ha henta sonen i barnehagen. Ho skulle lage mat, men fekk ikkje på straumen. Det var nemleg rekningar på 10.000 kroner ho ikkje hadde betalt til straumselskapet.

– Det var først då det slo meg. Eg begynte å grine og tenkte «herregud – har eg late det gå så langt?» Eg blei heilt knust, seier ho.

Karen Ulfsnes Bjørnholm

Karen Ulfsnes Bjørnholm føler ho kom inn i ein vond sirkel: – Eg tenkte «eg har jo pengar på konto, og får pengar neste månad som kan gå til rekningar.» Då går det ikkje så bra.

Førstereaksjonen hennar var å skaffe hjelp. Då gjekk ho rett på Nav-kontoret medan ho framleis var i tårer.

– Då fekk eg møte ganske raskt med ein gjeldsrådgjevar som hjelpte meg med å betale denne rekninga. Så fekk vi avtalt eit nytt møte for å få oversikt over gjelda og korleis eg kunne betale den ned, seier Bjørnholm.

Blei gjeldfri på fire år

Dei gjorde avtalar med pengekrevjarane, medan nordmøringen måtte snu forholdet ho hadde til pengar. Rådgjevaren tok over kontrollen, mens Bjørnholm fekk vekepengar fram til vanane hennar var endra.

Rundt same tida blei ho ferdig utdanna, blei gravid og flytta til heimplassen Aure der leiga var billigare.

– Eg hadde ikkje så mange utgifter og jobba sikkert 150 % som sjukepleiar. Alt eg hadde til overs gjekk til gjeld det halvåret der, seier Bjørnholm.

Det fungerte. I løpet av fire år klarte ho å betale ned gjelda.

– Eg er endeleg gjeldfri, og det kjenst heilt magisk, seier Bjørnholm.

Karen Ulfsnes Bjørnholm

Karen Ulfsnes Bjørnholm synest det er deileg å vere gjeldfri. – Det skjedde på dagen at eg omstilte meg.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Forbruksgjelda kan bli vanskeleg å betale

Ifølgje Gjeldsregisteret ligg den samla forbruksgjelda i Noreg stabilt på rundt 150 milliardar. Utviklinga dei siste åra har vore at forbruksgjelda har gått ned, men den renteberande gjelda som består av forfallen kredittkortgjeld og forbrukslån aukar.

– Det er urovekkjande. Den har auka med rundt 3,7 milliardar frå juni i fjor. I ei tid der kostnadane for hushalda aukar, så er det ein ekstra byrde om ein er nøydde å ta opp forbrukslån og ikkje har kapasitet til å betale det, seier dagleg leiar Egil Årrestad.

Egil Årrestad tror registeret kan hindre gjeldsproblemer og svindelforsøk.

– Viss vi utover våren får større effekt av renteauken og matvareprisane går opp, er det ein uheldig trend at renteberande gjeld veks samtidig. Då vil fleire få problem med å betale, seier Egil Årrestad i Gjeldsregisteret.

Foto: Kjartan Rørslett / NRK

Årrestad er klar på kva ein bør gjere om problema blir for store.

– Søk hjelp, prat med kreditorane, prat med Nav og ver bevisst på korleis ein brukar pengar.

Opna opp på Instagram

Karen Ulfsnes Bjørnholm er aktiv på Instagram med nesten 10.000 følgjarar på kontoen «Karenub». I januar bestemte ho seg for å fortelje om gjeldsproblema ho har hatt.

– Det har vore veldig fint å vere open, for eg har fått ein enorm respons på Instagram frå folk som står i same situasjon, som lurer på kva dei kan gjere, seier Bjørnholm.

Ein av dei skreiv dette:

X:Hei! ❤️ Dette var faktisk litt sjukt! Fordi eg har kjent på det same sjølv, site i akkurat same båt! Innsåg nettopp at eg har 150.000 ish i forbrukslån av nettopp same årsak! Sat tidlegare i dag og tenkte eg skulle kontakte Nav. Ingen av mine venner eller familie veit om dette, då det er ei hemmelegheit eg har halde for meg sjølv. Men korleis gjekk du fram?

Personen har gjeve løyve til publisering, og meldinga er normert til nynorsk.

I år har Bjørnholm eit ambisiøst mål om å spare seg opp 200.000 kroner.

– Eg sette meg eit litt stort mål. Vi får sjå korleis det går, men med rette grep skal eg hamne i mål, seier Bjørnholm.

Karen Ulfsnes Bjørnholm

– Sidan eg kom ut av det har eg lyst til å belyse at ein kan gjere det, seier Karen Ulfsnes Bjørnholm.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK