Hopp til innhold

Kan få verdas første røyrbru

Verdas første røyrbru kan bli bygd over Halsafjorden på Nordmøre. Vegvesenet vil starte eit pilotprosjekt.

Røyrbru

Det kan bli eitt røyr i kvar køyreretning, med to køyrefelt i kvart røyr. Og plass til gåande og syklande.

Foto: Statens vegvesen

– Vi snakkar om ein konstruksjon som flyt i sjøen. Ein nedseinka tunnel. Dette er noko som ikkje finst i verda frå før, fortel prosjektleiar Jørn Arve Hasselø i Statens vegvesen til NRK.

Røyrbrua kan bli liggande tjue meter under fjordoverflata. Det er snakk om eitt røyr i kvar køyreretning, med to køyrefelt i kvart røyr. Det kan også bli gang- og sykkelveg. Det heile skal erstatte ferja mellom Halsa og Kanestraum.

Jobbar for fullt

– Ingen ting er bestemt, men vi jobbar for fullt. Dette er i høgste grad aktuelt, seier Hasselø. Vegvesenet har gjort grundige undersøkingar, og analysearbeidet har kome langt.

Jørn Arve Hasselø

Prosjektleiar Jør Arve Hasselø i Statens vegvesen trur Halsafjorden er den beste strekninga for eit pilotprosjekt med verdas første røyrbru.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Mykje ligg til rette

– Halsafjorden er eit område der det er gunstige forhold på alle måtar for eit slikt prosjekt. Det er ikkje så vêrhardt som mange andre stader. Det blir ikkje så sterke bølgjer. Kommuneplanprosessen er godt i gang, og mykje ligg til rette for ei slik satsing, seier Hasselø.

Eit pilotprosjekt på Halsafjorden kan også opne for at teknologien kan brukast på andre, meir krevjande prosjekt i arbeidet med ferjefri E39 langs kysten og på fylkesvegnettet.

Røyrbru

Eksempel på ei røyrbru under vatn, med pontongar på overflata.

Foto: Statens vegvesen

Vegvesenet har nyleg orientert styret for Halsafjordsambandet om denne mulege løysinga.

– Om det skal kome ein røyrbrupilot, bør det bli denne, seier Kristin Sørheim. Ho er styreleiar for Halsafjordsambandet. Ho seier at styret er positiv til nytenkinga.

Kristin Sørheim

Styreleiar Kristin Sørheim i Halsafjordsambandet er positiv til at det kan kome eit pilotprosjekt med røyrbru på Halsafjorden.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

– Det viktigaste for oss er å få til ei ferjefri fjordkryssing. Måten det skjer på er ikkje så viktig. Dersom vegvesen og styresmakter vil satse på dette, så kan det gå ganske fort, seier Sørheim til NRK Møre og Romsdal.

Skip og båtar kan passere

Med ei røyrbru tjue meter ned i fjorden kan skips- og båttrafikken gå som normalt.

Ifølge Jørn Arve Hasselø jobbar vegvesenet intenst med ei slik løysing på Halsafjorden.

Dersom dette blir ein realitet, blir utbygginga over Halsafjorden eit prosjekt der leverandørane og entreprenørane skal aktivt med i arbeidet med å finne tekniske løysingar.

Røyrtunnel

På denne måten kan røyrbrua ligge tjue meter under overflata på Halsafjorden.

Foto: Statens vegvesen/Vianova

Utfordrande med bru og tunnel

– Vi jobbar også vidare med andre løysingar. Bru og tunnel er utfordrande å få til på Halsafjorden, på grunn av at djupna på fjorden er 400 meter Fjordbreidda er to kilometer. Skulle vi bygd ein tunnel, ville den bli veldig djup og lang, seier Hasselø.

– Trur du røyrbrua blir ein realitet?

– Det er ein lang veg fram. No har vi sjansen til å få til eit pilotprosjekt. For arbeidet med ferjefri E39 ville dette vere veldig bra, seier prosjektleiar Jørn Arve Hasselø i Statens vegvesen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL