Dagfrid Gardshol som bur på Bigset i Hareid kommune skvatt opp av stolen då ho høyrde eit kraftig drønn.
– Det var nesten som dynamitt. Det skralla i vindauga og klirra i veggseksjonen, fortel Gardshol.
Ho vart redd av lyden og sprang ut på altanen for å sjå om noko hadde skjedd, men ute såg alt normalt ut. Det gjekk berre ei kort stund før ho konkluderte med at det måtte ha vore eit jorskjelv.
Michael Roth, seismolog i NORSAR kan stadfeste at det var eit jordskjelv.
– Vi har ikkje målt det, men dersom eg skal tippe var det 2,1 eller 2,2 på Richters skala. Det er eit veldig lite jordskjelv, seier Roth.
I morgon tidleg vil dei analysere skjelvet. Til Møre-Nytt seier Roth at jordskjelvet si kjerne låg 60-70 kilometer frå Åkeneset.